fredag 14. desember 2007

15.12.07 Ja så var det jul!!



Ja nå sit eg her ein fredeleg desember morgon,på eit julepynta kjøkken, å reflektere litt over halvåret som er forbi.
Det har vært både spanande,interessant og ikkje minst utfordrande.Pedagogikken er nok vinnaren for min del,med mange spennande tema og me har verkeleg fått sett og høyrt korleis skulekvardagen er og alle dei oppgåvene ein lærar må forholde seg til.Fekk jo prøvd oss med det i praksisen.Matte som aldri har" vært "for meg,begynne faktisk å bli litt kjekt i og med det er litt anna vinkling og mykje på korleis me skal lære frå oss og å forstå korleis elevane møter tall og matematikk i skulen.Så var det data då.Jo eg begynne jo å bli fortroleg med både fronter og word etter kvart,men det er dette som har vært til mest hodebry dette halvåret.

Eg er veldig glad for at eg begynnte på studiet i høst og me har hatt veldig mykje variasjon i undervisninga og oppgåvene,flinke,hjelpsomme og kjekke lærerar og ikkje minst supre medstudentar:)
Kjenne nå at tida er inne for avkobling frå skule og tilkobling til juleforbredelser.Som "gammal"husmor er eg laaangt på etterskudd både med takvask og kakebaking i forhold til tidlegare år,men det blir nok jul alikevel!
Eg vil ønska alle ei koseleg og fredfull julefeiring og alt godt i det nye året.


mandag 10. desember 2007

11.12.07 Animasjon og collage


Ja den datalabben er jo utfordrande!
Jo det var ei kjekk økt me hadde,både lage film og plakat.Plakaten forsvann visst for godt og filmen skal vera her ein plass ,men eg har ikkje sett den siden.Eg merke at eg slite med dei data kunnskapene,"som alle kan",kva tid det er dobbel klitt,høyre klikk ,legg ned osb. Eg har lett for å bli hengande etter når eg skal holde følge med dei andre.Ja ja eg gir ikkje opp,eg må bare bli flinkare til å prøve meg fram.Kjekt med variasjon i undervisninga,men eg like meg godt i klasserommet og eg:)
Ja animasjonen kjem snart den...
Heidi



___________________________________________________


Ja her er eit par av dei plakatane eg har jobba med, men det blei nok ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg men..
Først må eg læra meg dette skikkelig før det er aktuelt å bruka det i skulen. Animasjon kan ein jo bruka som ein slags fortellarmåte, dette med bilete kan ein jo bruke i kunst og håndtverk f.eks som eit alternativ til teikning.Data er på god vei inn i skulen og er kommt for å bli. Med mange kjekke dataprogram ein kan nytta seg av er det vel bare fantasien som set ein stoppar for kva det kan brukast til,eg vil iallefall håpa eg får prøvd ut litt av kvart i data, det er mange ungar som like å vera kreative på datamaskinen og så tar dei det så lett!

torsdag 8. november 2007

08.11.07 Den forsvunne diamanten?


Hadde ei veldig bra pedagogikk økt på mandag med Åshild,der alt var relatert til undervisning og praksisen vår.Desse ti tesene for god undervisning er greit å ta med seg videre ,men det spørs vel kor mange av dei me tilfredstiller no i begynnelsen av praksisen,men etter kvart så....

Me fekk ein grundig gjennomgang av dei ulike elementa i diamanten,ganske mykje å tenke på.
Alle elementa er likeverdige og nært knytta til kvarandre.Diamanten er ein didaktisk relasjonsmodell og blir brukt som eit hjelpemiddel til å planlegge og reflektere over undervisninga."Denne modellen viser hvor sammensatt og mangfoldig didaktisk virksomhet er fordi så mange forhold griper inn i kvarandre"(Lyngsnes/Rismark)Ja det eine drar det andre med seg liksom! Og jo meir tilpassa undervisninga skal vera jo vanskelegare blir det.

Det var veldig greit å få jobbe litt med dette skjemaet på slutten av økta,for det var ikkje bare bare når alt skulle tenkast på!
Skjemaet er jo eit veldig bra hjelpemiddel for oss no når me skal planlegge undervisning.
Har fått inntrykk av at dette ikkje blir brukt av "erfarne"lærerar,men eg tenkjer at dei har den kanskje liggande i hovudet,for elementa i diamanten må ein jo ta hensyn til i undervisninga enten ein fyller ut eit konkret skjema eller ikkje?!
Tenkte eg skulle jakte litt på den forsvunne diamanten framover:)
Kva gjer lærarane dersom dei ikkje benyttar seg av nokon form for skjema?
Ja ja det er så mangt å undrast over...
Ønsker alle lukke til i praksis:)
Heidi


____________________________________________





Det er veldig viktig med god planlegging av undervisninga. Det er jo tross alt grunnlaget for kva og korleis elevane skal læra. Det er her ein må vera bevisst sine valg i forhold til ulike metodar og vårt eige pedagogiske grunnsyn kjem til syne. Det er mykje å tenkje på og tilrettelegge i forhold til planlegginga, det er her ein må tilpasse sterke, svake elevar og andre ulike behov som må takast hensyn til. Det seier seg sjølv at det krev god planlegging for å få god læring hjå elevane. Ein må tenkje over kva elevane skal lære, korleis dei skal lære det og kvifor dei skal lære det.


Eg trur nok det er mange lærarar som brukar diamantskjema, men det brukar det kanskje ikkje i kvar minste økt, men meir i bolkar over emner som går over fleire økter. Eg veit og at det blir brukt eit slaks forenkla skjema som seier noko om kva,korleis og kvifor. Alle lærarar brukar vel eit slaks skjema når dei planlegg undervisninga, men eg tru fortsatt at nokre har det liggande i hovudet på ein måte og ikkje er så flinke til å fylle ut eit konkret skjema.
Eg har jo høyrt frå lærarar at "slike skjema brukar me ikkje etter at me er ferdige på lærarskulen" Hmmm

tirsdag 30. oktober 2007

30.10.07 Oppsumerande læringsteori

Idag fekk me sjå dei to siste innslaga om læringsteori,kjempe bra det og!
Det var så bra å få laga det tankekartet om dei ulike teoriane.Og endå bedre var birgit si oppsumering,supert.Eg lurer litt på for min del om innlæringa mi hadde blitt meir effektiv om me hadde fått ei innføring i dette først for så å gå djupare inn i stoffet i lag med gruppa.Det blei så mykje lesing og forvirring uten at eg klarte å sortere og å plassere dei ulike personane og teoriane i forhold til kvarandre.Eg skal prøve å notere meir neste gang,kanskje tankekart, med både lesing og notering blir det dobbelt så effektivt som å bare lesa,for min del.I gruppa vår blei me også enige om å utveksle notater neste gang me skal dele på lesinga og ha god studieteknikk.
Den nye oppgåva er me i gang med.Så får me sjå korleis me klare å løysa den og ikkje minst bli enige om slutt resultatet.Inspirerande i siste matte time i dag når kvar gruppe la fram sine idear om korleis dei hadde planlagt med tanke på praksis,sjølv om dei fleste bare var på kontekst stadiet.
Så var me på datalabben i dag!Kjekt å sjå alt som kan gjerast på dataen.Eg blir like imponert og overraska kvar gong,og får samme panikken med tanke på at eg skal gjera det sjølv ein gong...
Det går seg jo til(senk skuldrene og ta eit steg om gongen,Birgit sine ord.)Dette er absolutt mi oppskrift når det gjeld denne maskinen.
Å vera på datalabben samanliknar eg med å gå tur i myrlent terreng,for kvart steg havnar ein litt lenger etter! Nei da, nå skal eg ikkje vera pessimist!! Eg skal klara å få fint bilete og innholdsliste på oppgåva mi,så det så.

tirsdag 23. oktober 2007

23.10.07 Læringsteoriar

"Eit steg hit og eit steg dit,så russlar vi saman på skuleveg"
Det er vel slik eg har opplevt denne prosessen om læringsteoriar.
Desse to vekene har vært krevande med mykje lesing og lettare kaotisk med mykje fram og tilbake i forhold til framførelsen, heilt til brikkene fallt på plass.Det var gøy og inspirerande å arbeida i grupper.Me samarbeider godt i gruppa vår og hadde utruleg mykje "lått og løye",
spesielt under filminnspillinga,til fotografens store fortvilelse!!Me håper på fleire slike samarbeids prosjekt.
Det var ei kjekk og veldig lærerik økt me hadde på mandag.Kjekt å sjå kor ulikt gruppene hadde tatt fatt på oppgåva.Veldig lærerikt siden det var så ulike framførelsar.Nokon konsentrerte seg om ein teori og gjekk litt djupare i den,andre samanlikna to teoriar og nokon hadde tatt fleire og fekk vist dei største forskjellane på dei.Ekstra lærerikt blei det for min del når me såg dei ulike teoriane i praksis,dramatiseringane.
Det var kjempekjekt å sjå dei andre gruppene i aksjon,men når vår tur kom var eg klam i hendene og sommarfuglane flaksa,men det gjekk jo bra:)Eg klarte jo sjølvsagt ikkje å lausriva meg frå tekst arket,irriterande,men kanskje neste gong?!
Konklusjonen min så langt er at ingen av teoriane aleine er den rette eller gale.Det er mykje bra i alle,og det er vel med bakgrunn i dei fleste teoriane at ein dannar seg sitt eige pedagogiske grunnsyn,trur eg...

"Eit klapp på skulderen ligg berre nokre ryggvirvlar frå eit spark i baken,men gir likevel bedre resultat!"(Bennet Cerf)

onsdag 17. oktober 2007

17.10.07 Blanda drops


Læringsteoriane har virka som ein pose blanda drops,ein veit ikkje heilt kva drops ein vil ta..Nå etter godt og vel ei veke med lesing,prøvesmaking,er teoretikarane og deira teoriar eit klarare bilete og eg har danna meg eit inntrykk av kva dropsar eg vel fyrst!
Ja dette har vore ei lærerik og ganske slitsom veke.Me har hatt eit godt samarbeid i gruppa.
Me bestemte oss kjapt for kva me ville ta utgangspunkt i,men så blei det ein del fram og tilbake og like langt.Så nå er me tilbake til utgangspunktet!!Men med ein del erfaringar rikare.
Nå kan det sjå ut som det nærmar seg sluttfasen for oss og.
Det har vore gøy å jobba i grupper.
Når det gjeld desse ulike teoretikarane så hadde eg trudd det var klarare skiller,men det er jo ein del som fletter seg i kvarandre,videreføring og videre utvikling osv.
Det er jammen ikkje så lett å danne seg eit pedagogisk grunnsyn,det er vel noko som kjem litt etter litt og det er vel i stadig i utvikling etter kvart som me utvikle oss som lærarar,trur eg..
Dette har vært lærerikt.Off eg grue meg litt til mandag.
Heidi

mandag 8. oktober 2007

8.10.o7 Pedagogisk grunnsyn

I dag blei det bare ei lita pedagogikk økt,men det blei nokre timar med arbeid i praksisgruppa.
No er det læringsteoriane me skal få eit innblikk i.Me har laga oss ein arbeids og møteplan for dei neste to vekene,og me har delt dei fire læringsteoriane mellom oss.Akkurat nå føles dei litt flytande,men med litt lesing håpe eg det blir litt klarare grenser .Det blir kjekt å bruke dei neste vekene på gruppearbeid,det er vel med oss studentar også at variert undervisning gir bedre læring!!Så får me håpe at slutt resultatet også blir bra.
Me skal etter kvart også få ei "gryande"forståing av vårt eige pedagogiske grunnsyn,korleis me synes born lærer best,korleis motivera dei,korleis undervisa på best mulig måte o.s.b Det blir interressant å diskutere dette i gruppa,om me har dei samme grunnsyn eller?!
Då er det bare å hive seg over bøkene,sjølv om det er fint ver og haustferie for nokon:)

onsdag 3. oktober 2007

03.10.07 Klasseleiar

Me hadde ein kjempe flott start på ped.økta i dag,med håndhelsing og lys på pultane(synd ikkje musikken verka men me fekk jo høyra den etter kvart)Eg blir i godt humør av slikt sjølv om det var måndag morgon!Dette er vert å ta med seg videre,det å skape ein koseleg stemning.



Det var kjekt å høyre om dei ulike arbeidsmetodane.Eg hadde høyrt om dei fleste,ikkje storyline,men det var nokre av dei som var ganske like.Eg har vært borti nokon ulike arbeidsmetodar i skulen men nå fekk dei plutseleg navn!!Det er vel viktig at undervisninga blir variert,slik at alle kan finne sin plass og få eit meiningsfyllt tilbud både fagleg og sosialt.

Undervisning og lærarleiing er veldig fasinerande,det at nokon klarer det så bra og andre sliter med klasse etter klasse.Det er mange faktorar som spelar inn for å lukkast.
Formålet med undervisning og lærarleiing er å skape eit læringsmiljø der elevane kan utnytte sine læringsmuligheiter optimalt.Det er mange pedagogiske "triks"for å skape eit godt læringsmiljø.Det kan til dømes vera lurt av læraren å ta elevane med på å lage klassereglar.Då har elevane noko å forhalde seg til og dei bør også vera klar over konsekvensane for regelbrudd.Her må læraren alltid vera konsekvent.Læraren må vera ein tydeleg vaksen for elevane.Sette klare grenser og vera bevisst sine haldningar og veremåte.Det å kunne håndtera ulike problem og ulike situasjonar til ulike tider byr nok på utfordringar,men er veldig viktig.
Ein klasseleiar må tidleg skape gode relasjonar i klassen,for ikkje å havne på heilt feil spor.

Læraren må kunne kommunisere på ein positiv og forståeleg måte.Gode relasjonar utvikles gjennom gjensidig respekt og tillit mellom lærar og elevar men også mellom elevane.Læraren må sjå elevane til ei kvar tid og kunne bruke det gode i kvar elev.Gi dei trygghet og omsorg til å våge å vera seg sjølv.Dei må også gripe fatt i problemer,og det helst før dei oppstår.Samstundes
må læraren kreve at elevane oppfører seg og følger skulen og klassen sine"levereglar"




Å ha omsorg for elevane vil seia å respektera dei,kunne sette seg inn i deira situasjonar.Det er viktig å møte elevane som mennesker for å oppnå god kontakt,ikkje ovenfrå og ned.
Effektiv leiing er avhengig av at læraren meistrar denne vanskelege balansen mellom å vise omsorg og sette grenser,mellom å stimulera og stille krav,mellom å strukturera og gi frihet.
Ein god leiar må ha autoritet utan å vera autoritær altså må eleven ha respekt men ikkje vera redd for læraren.Ja her er det mykje å tenke over,å alt høyrer så enkelt og flott ut men kva med den dagen me står der med alle problema og skal få teorien ut i praksis?Me skal nok få bryna oss på litt av kvart:)Ps:Hugs å be om hjelp i tide!!!

At nokon blir mobba i dagens samfunn er heilt forferdeleg.Tenk å ha det på seg som lærar at ein ikkje tok tak i problema,off nei takk! Eg plar seie ;vel og bra at ungane klare seg fagleg godt på skulen,men så viktig det er med den sosiale delen.Nokon får jo øydelagt heile livet p.g.a mobbing i skulen.
Eg las litt i " Håndbok i klasseledelse" frå Kopperud skule,vert å få med seg.Den boka blir nok brukt etter kvart!

tirsdag 2. oktober 2007

02.10.07 Observasjons praksis

Etter ei veke med observasjons praksis er det mange inntrykk å svelge.Dersom forskning viser at "fine,nye"skular gir bedre læring hjå elevane blir det mange flinke på skåredalen!Det var ein flott ,moderne skule med lyse,delikate fargar og mange vindauga som ga godt dagslys.Utearealet var stort og "fint" laga. Det var mange ulike aktiviteter å ta seg til,noko for ein kvar vil eg tru.I tillegg til den "ferdig laga" skuleplassen var det eit stort friareal dei kunne boltre seg på.

Eg synes tida i klasserommet var spanande å observere.Korleis læraren underviste og la opp timane,korleis ho takkla ulike situasjonar,korleis ho plasserte elevane,morgonritualer,"straff" av uromomenta,arbeidsmetodar som fungerte bra og nokon som var mindre effektive.Korleis elevane oppførte seg,mot kvarandre og mot læraren.Korleis dei arbeida i timane,variasjonen i innsats etter tema og metode.
Det er mykje å tenke over etter bare ei veke,og mange "moment"det blir spanande å lære meir om,f.e.k lærarledelse og tilpassa opplæring.Det verkar som ein utruleg krevande jobb å vera lærar,mykje planlegging og krevande timar i klasserommet,med alt som skjer der!!

Det var " fort gjort"å observere det spesielle sjølv om det var det generelle me skulle observere.
Eg må jo seie at eg er glad for å ha litt erfaring frå skulen,som vikar og assistent,frå før.Eg synes kanskje det er litt lite prakais i løpet av desse åra,men..Når ein tenkjer på andre yrker,f.e.k snekker,der det er veldig lang læretid.Eit viktig yrke det,for all del,men som lærar har ein eit enormt ansvar for andre mennesker.Elevane er som "voks klumpar"(sitat Birgit) og me skal oppdra,veilede,påvirke og forme dei pedagogisk rett.Det er jo ute i felten at ein ser teorien i praksis også for lærarane!
Ja ja eg hadde eit positivt møte med både elevane og lærarane på skåredalen skule.Dette var gøy og eg gler meg til neste praksis periode der me skal delta endå meir:)

_________________________________________________________

Seminardagen me hadde onsdagen i observasjonsveka synnes eg var veldig matnyttig og interessan. Veldig bra å bli plassert i grupper på tvers av vår egen praksisskule og praksisgruppe. Her måtte alle bidra med sin erfaringar og det var kjekt å høyra kva dei andre hadde opplevd. Eg synes det var lurt å plasera seminaret midt i observasjonspraksisen for då var me så oppi det og fekk tips og idear til andre ting me kunne observera.

Eg hugsar spesielt godt at gruppa vår var veldig engasjert i korleis elevane var plasserte i klasserommet. Dette har eg fått meir forståelsen av nå når me kjenner klassen bedre og ser korleis nokon treng å sitje aleina, andre som helst ikkje må ha blikk kontakt med andre elevar osv. Det er ein heil jobb å få plassert elevane best mulig for både elevane sjølv og læraren.

tirsdag 11. september 2007

11.09.07 Observasjon

Ja no nærmer tida seg for fyrste møte med skulekvardagen.
Observasjons praksisen gir oss nok eit hav av inntrykk å fordøye.
Det blir nok viktig å bruke alle sansane våre,sjølv om augene er dei me bruker mest,for å klare å observere elevar,lærerar og samspelet mellom dei.Kva består ein skulesituasjon av?


Det kjem nok til å verta ein del feiltolkingar også i og med at me dannar oss eit fyrste inntrykk i løpet av 10 sekunder i møte med nye mennesker og i nye situasjonar.
Observasjonsrolla står sentralt i læraren sin kvardag.Det er viktig med observasjon heile tida i skulen for å få auka forståing og få informasjon om det som foregår i elevgruppa til ei kvar tid.
Lærarane burde absolutt hatt auger i nakken!
Det sosiale mønsteret i ei elevgruppe utvikles fra fyrste dag og det kan vera vanskelig å snu retningen seinare dersom gruppa er på feil spor.Å vera ein god observatør kan bidra til å gripe fatt i konflikter og dårleg klassemiljø på eit tidleg stadie.Utruleg interessant å lese om undervisning,læring og ledelse(kap5,Ogden)Her er det mange gode tips å ta med seg videre.Til dømes;Overblikk og effektivt tilsyn.At læraren gjennom sin adferd formidlar at han/ho veit kva som foregår i klassen til ei kvar tid,og reagerer fort på uønska adferd.Dette gir signaler til elevane,elevane observerer, at læraren har "auger i nakken"og som igjen resulterer i at elevane ikkje trur det nytter å setje læraren på prøve.Dei vil vel prøve seg uansett,men det kan vera greit å ha i bakhovudet.
Det er veldig mange ulike observasjonsmetoder for å klare å kartleggja til dømes enkelte elevar eller særskilte situasjonar eller fag.

Me skal skrive loggbok.Det kan nok vera greit å få notert ned inntrykka etter kvart som dei kjem.Loggbok blir nok ein nyttig erfaring som me kan dra nytte av seinare i lærer yrket. Høyres heilt supert ut å ha loggbok for elevane,bare mellom lærar og kvar enkelt elev.Det må jo vera eit godt redskap for å klare å skape ein open og ærleg dialog mellom elev og lærer.Då kan jo eleven fortelje korleis han/ho opplev skulekvardagen på godt og vondt,og det utan å bli stempla som sladrehank.

Oppgåva me fekk på skulen om observasjon ,viste meg at observasjon ikkje er lett.Har vel lett for å tolke å leggje meir i det en bare sjølve observasjonen.Øvelse gjer meister!


Eg gler meg til observasjons praksisen.Til å sjå korleis "gruppa"fungerer.Klassemiljøet,forholdet mellom elevar og lærar,arbeidsmetodar,eventuelle klassereglar,korleis elevane er plasserte i klasserommet,korleis dagen er delt i arbeidsøkter og mykje,mykje meir.Dette blir spanande og forhåpentligvis lærerikt!!
Det blir nok ei intens veke for både sinn og skinn,mange tankar og bevisst kroppsspråk.....

torsdag 6. september 2007

05.09.07 Læraren sine mange oppgåver.

Nå har eg fått reflektert over læraren sine oppgåver,det blei mange tankar på ein gong.Eg skal prøve å sortere tankane litt.
Pedagogikk økta i dag byrja med eit flott bilete av ein balanseturnar på ei lina.

Det er nok ein enorm balanse kunst å vera lærar.Ein kjem nok til å miste balansen i tid å utid og til og med ramle ned frå lina mange gonger.Då gjeld det å bruke kollegaer og det støtteapparatet ein lærar har til å få hjelp og rettleiing.



Etter kvart som pedagogikk timane ruslar av garde ser ein kor utruleg mange og ulike oppgåver og utfordringar ein lærar har.
Alt frå dei høgaste administrative verv,plan og undervisnings arbeid og ikkje minst omsorg og sosial arbeidar.
Det er vel fyrst og fremst undervisning ein tenkjer når ein høyrer ordet lærar.

I LK06 vektlegg ein læraren som ein tydeleg rettleiar og ein lærar som er til stades.I motsetning til L97 der læraren meir skulle fungere som" ei svevande ånd"
Det å planleggja ein skuledag,kjem som eit resultat av grundig og tidkrevande forarbeid.
Først må ein settje seg inn i LK06,kunnskapsløftet,i dei ulike fag og klassetrinn.Kva skal lærast og kva er kompetansemåla.Deretter må ein sjå på skulen sine læreplanar,nokon tilpassningar i høve til dette.Den viktigaste planleggjings fasen er nok når ein lagar årsplan for det aktuelle fag og klassetrinn.Her ligg pensumet ein skal vera gjennom i løpet av året.Her er det rom for både tverrfagleg og ulike klassetrinn å samarbeida.Til slutt er det vekeplan,som ei informasjons kjelde til elev og heim om kva lekser,fag og tema ein held på med.I tillegg skal all undervisning tilpassast den enkelte elev.Noko som er både tidkrevande og vanskeleg,men veldig viktig.
For å kunne leggja best til rette for den enkelte elev må ein kjenne elevane.

Noko av det viktigaste med lærar rolla er nettopp det å sjå kvar einskild elev.Kva behov og kva
læremetode som gir best resultat for den einskilde.
For å kunne forstå og å lære eleven å kjenne må ein ha ein god kommunikasjon.

Den gode kommunikasjon gjeld også mellom heim og lærar.Læraren er heimen sin forlengande arm når det gjeld den sosiale oppdraginga.Korleis eleven oppfører seg i grupper,respekten for andre,handtering av ulike konfliktar,grensesettjing o.s.b.Her må læraren vera vaken å gripe fatt i problema med ein gong.Ein lærar må aldri lukke augo for ubehageligheter,heller ikkje blunke ein gong!Det kan og vera problem i heimen som læraren må vera oppmerksam på.Elevar som endrar adferd kan vel vera eit av dei fyrste symptoma på at det er eit problem enten på skulen eller i heimen.Då har læraren ei plikt til å få dette løyst,og heldigvis får ein seie er det eit bredt spekter av "hjelperar" alt etter kva problem som dukkar opp.

Den heilskaplege yrkes kompetansen for ein lærar,beståande av dei fem kompetanse områdene,dannar ei flott ramme rundt det å vera lærar.Bilete er sjølve læraren,ingen bilete blir like,nokon er fargerike og andre litt gråare,o.s.b.
Eg føler meg priviligert som har fått "kallet"om å verta lærar.

Det var spanande å lesa det som Inge Eidsvåg har skrevet.Han verkar som ein klok mann som er veldig i tida.Dei "10 bud" er nok vesentlege levereglar og gir god veiledning til oss som skal fungera som lærerar.Det at han brukar så sterke ord og uttrykk,"kallet" og dei 10 bud",gjer lesinga meir spanande.


GOOGLING!

Eg er veldig fersk i denne" data verden"(eg kunne lese VG på nettet frå før og var i grunnen litt kry av det!) Nå har eg fått utruleg god innføring i IKT.Dette med å google og spesifisere søk var veldig nyttig.Eg har notert ned mange gode tips til eigen bruk,og ikkje minst i praksis og seinare i yrket som lærar.
Google earth var jo heilt fantastisk,på ein datamaskin og med nokre tastetrykk,fasinerande!
Det skal seiast at eg var litt stolt av å liksom kunne vise resten av familien noko nytt,(dei har ikkje den stora trua på mor på data,men det har vel sin grunn!)Trur de at eg fekk det til,neeei
sjølvsagt ikkje,men eg jobbar med saka:)
Eg kan i allefall lova at eg aldri meir skal senda eit vedlegg utan tittel og kommentar.
Det er faktisk ganske gøy med data,og for eit hjelpemiddel!

____________________________________________

Det er utruleg mange oppgåver læraren står overfor og ikkje bare med elevar og undervisning. Det gjeld foreldre og organisering og ledelsen.

Ein ting som forundrar meg er når ein høyrer om foreldre som tar opp promlem med læraren,som mobbing ,sosiale og tilpassingsvanskar. Er det ikkje då læraren sin plikt å ta tak i dette og eventuelt kontakte andre med meir kompetanse på området, for å hjelpe eleven. Ein høyrer jo stadig om tilfeller der foreldra sjølv må inn å søkje hjelp, for eksempel at dei må ta kontakt med ppt for at elevane skal få hjelp i skulen. Blir dette eit vurderings spørsmål hjå læraraen? Uansett om det er tvil om eleven treng noko ekstra bør vel tvilen komme eleven til gode? Går det på arbeidsmengde og tid hjå læraren?. Er læraren trangsynt og vil helst unngå problem og innblanding frå andre eller? Eg bare undre litt!?

torsdag 30. august 2007

30.08.07 Kroppen

Dette var ein lærerik film,kjekt å sjå og ikkje bare lesa oss til kunnskap.
Det var interessant å høyre om dette med avstanden me treng rundt vår eigen kropp.Dei fire sonene me kan dele avstanden inn i,alt etter kva forhold me har til andre mennesker.Den offentlige sona,som gjeld for større grupper me omgås(3,6m).Sosial sone,for dei me omgås men ikkje kjenner(1,2m)Personlig sone,gjeld for bekjente(46cm),og den intime sone for dei me omgås ofte,kjenner godt og er trygge på(15cm).
Interessant at kroppen reagerer fysiskt når nokon tråkkar over desse sonene.Me veit jo at kjem ein framand for nært inn på oss,blir me kanskje svette i hendene, raude i ansikte og hjarta slår litt fortare.Eller me kan få hakaslepp og bli mo i knærna,alt etter som!!
Gøy å setja adferd,kroppsspråk og oppførselen vår inn i litt system,skjøna kvifor me gjer som me gjer.

Kroppsspråk.
Når det gjeld kroppsspråk var det gøy å sjå korleis spesielle kroppsspråk er utbredt i spesielle miljø eller grupper.Her blei rapperane nemt.Skodespelarar er jo veldig bevisste på dette med kroppsspråk når dei skal karakterisera ein sinnstilstand eller ein kjend person.
Utruleg at nokon har "status" nok til å gjere tegn eller bevegelsar så utbredt,positive eller negative, som Hitler og Churchild,nesten litt skremmande.

Miming.
Miming er gøy!!
Dette har eg fått bryna meg på mang ein gong,med tre ungar som elsker familiespillet "Fantasi"(eit spel med mykkje miming)
Det var ikkje lett å mima "ein fotballspillar med ballangst",men det var moro.
Kjekt med alternativ undervisning.Det er noko me må ta med oss når me blir lærerar ein gong.
Trur nok det fenge elevane dersom me varierer undervisninga,fagstoffet blir meir spanande med blandt anna miming.
Supert med litt leik i timane for oss vaksne og:)
Eg gler meg til vidare leik og læring!

tirsdag 28. august 2007

28.08.07 Kommunikasjon

"Eit varmt smil er vennlighetens verdensspråk"W,Arthur Ward.

Det at kroppsspråket utgjer 70% av språket har eg aldri tenkt på,men absolutt noko å tenkje over! Ein må nok vera ganske bevisst på sitt eige kroppsspråk spesielt når ein har med barn og i skulesammenheng å gjera.Barn reagerer intuitivt på kroppsspråk.
Skal ein klara å ha ein god kommunikasjon i ein klasse må jo læraren vera positivt engasjert,gi uttrykk for at eleven blir høyrt,og at eleven blir tatt på alvor.Det å gi dei trygghet til å våga å snakka,bruka eit språk som elevane forstår.Viktig å komme på bølgjelengde med elevane,at den informasjonen me gir blir oppfatta slik me ynskjer.
Dette er vesentlege punkt som bidrar til å oppnå god kommunikasjon i ein klasse,trur eg...
Eg gler meg til å sjå kva slags kommunikasjon praksislæraren vår har med sine elevar.Og ikkje minst om me klarer å kommunisera med dei!!

Gruppedynamikk

Korleis gruppa fungerer.
I artikkelen om gruppedynamikk(anbefalt fordjupningsstoff) kan ein dra klare paralellar mellom ei gruppe og ein klasse.
Elevane ynskjer ulike roller i klassen.Nokon er blyge og vil helst vera tilskoderar,nokon vil bli sett og nokon vil ta kommandoen.
Dersom ikkje alle finn sine roller kan det lett oppstå konfliktar.Det at to kjempar om samme rolle kan bli problematisk og føre til utone mellom dei,som igjen går utover resten av klassen.
Ein elevs ledar rolle kan ha stor innverknad på klassemiljøet.Eleven er gjerne ikkje klar over at han/ho er ledaren.Dersom ledaren er ein person som har ei positiv haldning til skulearbeid,er engasjert i timane,snill mot dei andre,o.s.b kan dette "dra" heile klassen i ei positiv retning for klassemiljøet.Og motsatt dersom ledaren er veldig negativ.Dei fleste klassane har ein ledar av eit eller anna slag,forutan læraren.
Eit tips: Det er nok lurt å settje seg sammen med klassen å lage klasse reglar.Reglar der ein
blir samde omkorleis alle vil ha det i klasserommet,til dømes;bruka inne stemme,
arbeidsro,
vera snill mot andre.
Dette er utrulig spanande,glede meg til å læra meir:)

lørdag 25. august 2007

25.08.07 Ein lærar eg hugsar.

FRØKEN

Eg hugsar ho så godt.
Det var min aller fyrste skuledag.
Tannlaus og full av forventning stod eg fint oppstilt i jenterekkja.
Eg hadde pynta meg med musafletter og ein ny flott,raud skulesekk.Sommarfuglane flaksa i magen då ho kom ut.
"Hei, eg heiter Marit,men de kan kalla meg frøken.
Slik blei det.Me hadde frøken i fire år.
Ho var som ei bestemor.Tryggheita sjølv,smilande og blid,flink(kunne alt),rettferdig, hjelpsam,og alltid til stades når me trong ho.Ho tok godt vare på oss,"gullungane mine" kalla ho oss.
Dei store brillene skauv ho på plass med peikefingeren og ho lukta reint.
Strikketøyet låg på katateret om ho skulle få ei ledig stund.
Dersom nokon uroa i timen vart det kryss på tavla, tre kryss og det blei lapp med heim.
Song stod hennar hjarta nært,så me avslutta dagen med"No livnar det i lunnar" og "Fager kveldsol smiler". Eg får endå gode assosisasjonar til dei songane.
Det var nok personlegheita hennar og det gode mennesket som gjer at eg hugsar ho så godt.
Ho gav meg ein trygg og god start på ein viktig epoke i livet.

25.08.07 Matte!!

Eg følte meg som ein idiot på matte testen.
15 år sidan matte på gymnaset.
Eg burde vel brukt sommaren på gamle grammatikk bøker ,men...
Det går seg vel til etter kvart.
Det er lenge til eksamen!

fredag 24. august 2007

24.08.07 Refleksjon

Idag har eg sete i solveggen å "kost" meg med 1.kap.av elevens verden.
Nå er eg for alvor i gang som student,kjekt og.
Ja her var det mykje til ettertanke.
Til dømes det at skulen skal vera "heimens forlengjande arm".Noko som er ganske omfattande når ein tenkjer på alle dei ulike verdiar,livssyn og normer dei ulike familiane har.Pluralisme,mangfoldet i normer og verdiar, var eit nytt og "flott" ord.
Samtidig som skuledagen blir lengre og lengre for eleven er det jo viktig at skulen tar del i oppdragelsen.Den sosiale oppdragelsen tar form over tid, i ulike samanhengar og i ulike samansettningar.Då seier det seg sjølv at skulen blir ein sentral del av denne oppdragelsen og læraren blir den som må korigere elevens feilsteg.
Ja det ligg mykje ansvar og mange utfordringar i det å vera lærar.

tirsdag 21. august 2007

21.08.07 Kvifor blogga?

Har ein blokkering så eg får ikkje lest dokumentet om blogging,men det ordne seg nok.
Ja blogging var gøy!
Bloggen vil nok vera eit godt hjelpemiddel.Her kan me hjelpa kvarandre med både små og store faglege problem.Veldig motiverande å kunne både gi og få veiledning,tips og råd om det
me held på med til ei kvar tid.Kjekt å sjå kva andre tenkjer om pedagogikk.
Her kjem det nok fleire tankar.

mandag 20. august 2007

20.08.07 Refleksjon.

Ja så var eg i gang med pedagogikk bloggen.
Dette "faget" gler eg meg til å ta fatt på,sjølv om det nok blir uvant å forholde seg til så mange refleksjonar og ikkje fasitsvar.
Det kjem nok til å by på mang ei utfordring,men det skal det vel vera for at me skal voksa med "oppgåva" eller "faget" og kunna utvikla oss til framtidige gode pedagogar.
Dette er eit fag eg ser for meg at me skal få ei god,veldig god innføring i men ikkje utlærde i.
Me lærer(pedagogikk) så lenge me lever! Kanskje to år med pedagikk undervisning lage klarare bilete,og det er mulig eg blande med sos.ped.
Idag blei me presentert nokre begrep,nokre enkle og andre meir kompliserte.Kan nok vere lurt å skaffa oppslagsverk i ein fart!
Det kjem nok fleire refleksjonar etter kvart,men eg håpar det blir like spanande som eg trur det blir.

20.08.07.Kvifor valgte eg Hsh?

Når det kom til val av høgskule var det eigentleg ingen tvil.For mange år sidan når eg søkte Hsh var det på grunn av godt "rykte",eit rykte som innfridde både fagleg og sosialt.No har eg ein familiesituasjon som gjer at eg må pendla.Då er studiene lagt godt tilrette,ikkje minst med praksisskule i haugesund.Det er kjekt å tilbringa studiedagen ved ein så modernisert og triveleg høgskule.Til slutt vil eg senda eit smilefjes til sprudlande,engasjerte og flinke lærerar som me har her på A1.

20.08.07Kvifor vil eg bli lærar?

Det er nok ein lang prosess som har resultert i at eg vil bli lærar.Det byrja på gymnaset med ein fantastisk flink norsk lærar og dyktig pedagog.Han vekkte interressen for norsk faget som resulterte i at eg tok årseining i norsk her ved Hsh.Den fordjupninga holdt for meg,men eg valde å prøve meg med eit år med andre fag,det var lærerikt.I perioden som heimaverande fekk eg muligheten til å vikariere som lærarvikar,det var utruleg givande,spanande,utfordrande og lærerikt.Det var då den siste brikka fall på plass om at dette var eit yrke for meg.Gleda ved å jobba med born,kunna leggja tilrette kunnskapen både fagleg og tverrfagleg.Utfordringa med ulike læremetodar om korleis ein best skal tilføra kunnskapen.
Den sosiale delen i eit klassemiljø,korleis skapa eit godt klassemiljø.Dette er nokre få arbeidsoppgåver eg ser for meg som pregar ein lærar sin kvardag.Arbeidsoppgåver eg har lyst å ha i min framtidige kvardag.Det å få jobba med born er inspirerande og ingen dagar blir like.Tja nå har eg fått reflektert litt over kvifor eg vil bli lærar.Det er nok heile lærar "pakken" som inspirerer.Så vil desse åra vise om eg verkeleg blir lærar!

20.08.07

ja ja nå skal eg og byrja å bruke stor bokstav etter punktum! Data kunnskapene går i rett retning,men er litt stiv i høgre peikefinger!!

presentasjon av heidi

hei,heidi her! eg er 34år,gift og har tre barn.emma 10år,jonas 8,5 og sofie 7år.har studert to år tidlegeare ved hsh.har dei siste 10 åra vore 110% husmor og stortrivdes med det.ellers er eg glad i å laga god mat,invitera venner å drikka god vin!!! liker å gå turar og har ei aktiv fritid med mann og barn.set stor pris på å få kulturelle innslag i kvardagen,spesielt teater.trur eg er snill,omgjengelig og ærleg.mitt motto er,den største gleda ein kan ha det er å gjera andre glad.