tirsdag 11. september 2007

11.09.07 Observasjon

Ja no nærmer tida seg for fyrste møte med skulekvardagen.
Observasjons praksisen gir oss nok eit hav av inntrykk å fordøye.
Det blir nok viktig å bruke alle sansane våre,sjølv om augene er dei me bruker mest,for å klare å observere elevar,lærerar og samspelet mellom dei.Kva består ein skulesituasjon av?


Det kjem nok til å verta ein del feiltolkingar også i og med at me dannar oss eit fyrste inntrykk i løpet av 10 sekunder i møte med nye mennesker og i nye situasjonar.
Observasjonsrolla står sentralt i læraren sin kvardag.Det er viktig med observasjon heile tida i skulen for å få auka forståing og få informasjon om det som foregår i elevgruppa til ei kvar tid.
Lærarane burde absolutt hatt auger i nakken!
Det sosiale mønsteret i ei elevgruppe utvikles fra fyrste dag og det kan vera vanskelig å snu retningen seinare dersom gruppa er på feil spor.Å vera ein god observatør kan bidra til å gripe fatt i konflikter og dårleg klassemiljø på eit tidleg stadie.Utruleg interessant å lese om undervisning,læring og ledelse(kap5,Ogden)Her er det mange gode tips å ta med seg videre.Til dømes;Overblikk og effektivt tilsyn.At læraren gjennom sin adferd formidlar at han/ho veit kva som foregår i klassen til ei kvar tid,og reagerer fort på uønska adferd.Dette gir signaler til elevane,elevane observerer, at læraren har "auger i nakken"og som igjen resulterer i at elevane ikkje trur det nytter å setje læraren på prøve.Dei vil vel prøve seg uansett,men det kan vera greit å ha i bakhovudet.
Det er veldig mange ulike observasjonsmetoder for å klare å kartleggja til dømes enkelte elevar eller særskilte situasjonar eller fag.

Me skal skrive loggbok.Det kan nok vera greit å få notert ned inntrykka etter kvart som dei kjem.Loggbok blir nok ein nyttig erfaring som me kan dra nytte av seinare i lærer yrket. Høyres heilt supert ut å ha loggbok for elevane,bare mellom lærar og kvar enkelt elev.Det må jo vera eit godt redskap for å klare å skape ein open og ærleg dialog mellom elev og lærer.Då kan jo eleven fortelje korleis han/ho opplev skulekvardagen på godt og vondt,og det utan å bli stempla som sladrehank.

Oppgåva me fekk på skulen om observasjon ,viste meg at observasjon ikkje er lett.Har vel lett for å tolke å leggje meir i det en bare sjølve observasjonen.Øvelse gjer meister!


Eg gler meg til observasjons praksisen.Til å sjå korleis "gruppa"fungerer.Klassemiljøet,forholdet mellom elevar og lærar,arbeidsmetodar,eventuelle klassereglar,korleis elevane er plasserte i klasserommet,korleis dagen er delt i arbeidsøkter og mykje,mykje meir.Dette blir spanande og forhåpentligvis lærerikt!!
Det blir nok ei intens veke for både sinn og skinn,mange tankar og bevisst kroppsspråk.....

3 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Hei, eg syns du får med deg så masse. Skriv godt gjer du, og lest pensum har du og. Finn ikkje noko eg kan vera kritisk venn på eg, og du er heldig som gler deg til praksisveka:-)

tove sa...

Hei
Veldig godt reflektert og veldig godt skrevet Heidi. Kan så absolutt ikke være noen "kritisk venn" her ser jeg.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Eg seier meg einig med dei kritiske venene dine, at her er lite å setja fingeren på. No har de vore på Skåredalen og observert. Kva utbytte fekk du av den erfaringa?

Birgit :-)