mandag 20. august 2007

20.08.07Kvifor vil eg bli lærar?

Det er nok ein lang prosess som har resultert i at eg vil bli lærar.Det byrja på gymnaset med ein fantastisk flink norsk lærar og dyktig pedagog.Han vekkte interressen for norsk faget som resulterte i at eg tok årseining i norsk her ved Hsh.Den fordjupninga holdt for meg,men eg valde å prøve meg med eit år med andre fag,det var lærerikt.I perioden som heimaverande fekk eg muligheten til å vikariere som lærarvikar,det var utruleg givande,spanande,utfordrande og lærerikt.Det var då den siste brikka fall på plass om at dette var eit yrke for meg.Gleda ved å jobba med born,kunna leggja tilrette kunnskapen både fagleg og tverrfagleg.Utfordringa med ulike læremetodar om korleis ein best skal tilføra kunnskapen.
Den sosiale delen i eit klassemiljø,korleis skapa eit godt klassemiljø.Dette er nokre få arbeidsoppgåver eg ser for meg som pregar ein lærar sin kvardag.Arbeidsoppgåver eg har lyst å ha i min framtidige kvardag.Det å få jobba med born er inspirerande og ingen dagar blir like.Tja nå har eg fått reflektert litt over kvifor eg vil bli lærar.Det er nok heile lærar "pakken" som inspirerer.Så vil desse åra vise om eg verkeleg blir lærar!

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, du har i alle fall fått prøva deg litt på førehand, og det at det gav meirsmak, lovar vel godt for det vidare løpet? Eg har i alle fall aldri angra på at eg vart lærar, sjølv om yrket byr på ein god del utfordringar - lat oss kalla det det!

Birgit :-)