torsdag 30. august 2007

30.08.07 Kroppen

Dette var ein lærerik film,kjekt å sjå og ikkje bare lesa oss til kunnskap.
Det var interessant å høyre om dette med avstanden me treng rundt vår eigen kropp.Dei fire sonene me kan dele avstanden inn i,alt etter kva forhold me har til andre mennesker.Den offentlige sona,som gjeld for større grupper me omgås(3,6m).Sosial sone,for dei me omgås men ikkje kjenner(1,2m)Personlig sone,gjeld for bekjente(46cm),og den intime sone for dei me omgås ofte,kjenner godt og er trygge på(15cm).
Interessant at kroppen reagerer fysiskt når nokon tråkkar over desse sonene.Me veit jo at kjem ein framand for nært inn på oss,blir me kanskje svette i hendene, raude i ansikte og hjarta slår litt fortare.Eller me kan få hakaslepp og bli mo i knærna,alt etter som!!
Gøy å setja adferd,kroppsspråk og oppførselen vår inn i litt system,skjøna kvifor me gjer som me gjer.

Kroppsspråk.
Når det gjeld kroppsspråk var det gøy å sjå korleis spesielle kroppsspråk er utbredt i spesielle miljø eller grupper.Her blei rapperane nemt.Skodespelarar er jo veldig bevisste på dette med kroppsspråk når dei skal karakterisera ein sinnstilstand eller ein kjend person.
Utruleg at nokon har "status" nok til å gjere tegn eller bevegelsar så utbredt,positive eller negative, som Hitler og Churchild,nesten litt skremmande.

Miming.
Miming er gøy!!
Dette har eg fått bryna meg på mang ein gong,med tre ungar som elsker familiespillet "Fantasi"(eit spel med mykkje miming)
Det var ikkje lett å mima "ein fotballspillar med ballangst",men det var moro.
Kjekt med alternativ undervisning.Det er noko me må ta med oss når me blir lærerar ein gong.
Trur nok det fenge elevane dersom me varierer undervisninga,fagstoffet blir meir spanande med blandt anna miming.
Supert med litt leik i timane for oss vaksne og:)
Eg gler meg til vidare leik og læring!

tirsdag 28. august 2007

28.08.07 Kommunikasjon

"Eit varmt smil er vennlighetens verdensspråk"W,Arthur Ward.

Det at kroppsspråket utgjer 70% av språket har eg aldri tenkt på,men absolutt noko å tenkje over! Ein må nok vera ganske bevisst på sitt eige kroppsspråk spesielt når ein har med barn og i skulesammenheng å gjera.Barn reagerer intuitivt på kroppsspråk.
Skal ein klara å ha ein god kommunikasjon i ein klasse må jo læraren vera positivt engasjert,gi uttrykk for at eleven blir høyrt,og at eleven blir tatt på alvor.Det å gi dei trygghet til å våga å snakka,bruka eit språk som elevane forstår.Viktig å komme på bølgjelengde med elevane,at den informasjonen me gir blir oppfatta slik me ynskjer.
Dette er vesentlege punkt som bidrar til å oppnå god kommunikasjon i ein klasse,trur eg...
Eg gler meg til å sjå kva slags kommunikasjon praksislæraren vår har med sine elevar.Og ikkje minst om me klarer å kommunisera med dei!!

Gruppedynamikk

Korleis gruppa fungerer.
I artikkelen om gruppedynamikk(anbefalt fordjupningsstoff) kan ein dra klare paralellar mellom ei gruppe og ein klasse.
Elevane ynskjer ulike roller i klassen.Nokon er blyge og vil helst vera tilskoderar,nokon vil bli sett og nokon vil ta kommandoen.
Dersom ikkje alle finn sine roller kan det lett oppstå konfliktar.Det at to kjempar om samme rolle kan bli problematisk og føre til utone mellom dei,som igjen går utover resten av klassen.
Ein elevs ledar rolle kan ha stor innverknad på klassemiljøet.Eleven er gjerne ikkje klar over at han/ho er ledaren.Dersom ledaren er ein person som har ei positiv haldning til skulearbeid,er engasjert i timane,snill mot dei andre,o.s.b kan dette "dra" heile klassen i ei positiv retning for klassemiljøet.Og motsatt dersom ledaren er veldig negativ.Dei fleste klassane har ein ledar av eit eller anna slag,forutan læraren.
Eit tips: Det er nok lurt å settje seg sammen med klassen å lage klasse reglar.Reglar der ein
blir samde omkorleis alle vil ha det i klasserommet,til dømes;bruka inne stemme,
arbeidsro,
vera snill mot andre.
Dette er utrulig spanande,glede meg til å læra meir:)

lørdag 25. august 2007

25.08.07 Ein lærar eg hugsar.

FRØKEN

Eg hugsar ho så godt.
Det var min aller fyrste skuledag.
Tannlaus og full av forventning stod eg fint oppstilt i jenterekkja.
Eg hadde pynta meg med musafletter og ein ny flott,raud skulesekk.Sommarfuglane flaksa i magen då ho kom ut.
"Hei, eg heiter Marit,men de kan kalla meg frøken.
Slik blei det.Me hadde frøken i fire år.
Ho var som ei bestemor.Tryggheita sjølv,smilande og blid,flink(kunne alt),rettferdig, hjelpsam,og alltid til stades når me trong ho.Ho tok godt vare på oss,"gullungane mine" kalla ho oss.
Dei store brillene skauv ho på plass med peikefingeren og ho lukta reint.
Strikketøyet låg på katateret om ho skulle få ei ledig stund.
Dersom nokon uroa i timen vart det kryss på tavla, tre kryss og det blei lapp med heim.
Song stod hennar hjarta nært,så me avslutta dagen med"No livnar det i lunnar" og "Fager kveldsol smiler". Eg får endå gode assosisasjonar til dei songane.
Det var nok personlegheita hennar og det gode mennesket som gjer at eg hugsar ho så godt.
Ho gav meg ein trygg og god start på ein viktig epoke i livet.

25.08.07 Matte!!

Eg følte meg som ein idiot på matte testen.
15 år sidan matte på gymnaset.
Eg burde vel brukt sommaren på gamle grammatikk bøker ,men...
Det går seg vel til etter kvart.
Det er lenge til eksamen!

fredag 24. august 2007

24.08.07 Refleksjon

Idag har eg sete i solveggen å "kost" meg med 1.kap.av elevens verden.
Nå er eg for alvor i gang som student,kjekt og.
Ja her var det mykje til ettertanke.
Til dømes det at skulen skal vera "heimens forlengjande arm".Noko som er ganske omfattande når ein tenkjer på alle dei ulike verdiar,livssyn og normer dei ulike familiane har.Pluralisme,mangfoldet i normer og verdiar, var eit nytt og "flott" ord.
Samtidig som skuledagen blir lengre og lengre for eleven er det jo viktig at skulen tar del i oppdragelsen.Den sosiale oppdragelsen tar form over tid, i ulike samanhengar og i ulike samansettningar.Då seier det seg sjølv at skulen blir ein sentral del av denne oppdragelsen og læraren blir den som må korigere elevens feilsteg.
Ja det ligg mykje ansvar og mange utfordringar i det å vera lærar.

tirsdag 21. august 2007

21.08.07 Kvifor blogga?

Har ein blokkering så eg får ikkje lest dokumentet om blogging,men det ordne seg nok.
Ja blogging var gøy!
Bloggen vil nok vera eit godt hjelpemiddel.Her kan me hjelpa kvarandre med både små og store faglege problem.Veldig motiverande å kunne både gi og få veiledning,tips og råd om det
me held på med til ei kvar tid.Kjekt å sjå kva andre tenkjer om pedagogikk.
Her kjem det nok fleire tankar.

mandag 20. august 2007

20.08.07 Refleksjon.

Ja så var eg i gang med pedagogikk bloggen.
Dette "faget" gler eg meg til å ta fatt på,sjølv om det nok blir uvant å forholde seg til så mange refleksjonar og ikkje fasitsvar.
Det kjem nok til å by på mang ei utfordring,men det skal det vel vera for at me skal voksa med "oppgåva" eller "faget" og kunna utvikla oss til framtidige gode pedagogar.
Dette er eit fag eg ser for meg at me skal få ei god,veldig god innføring i men ikkje utlærde i.
Me lærer(pedagogikk) så lenge me lever! Kanskje to år med pedagikk undervisning lage klarare bilete,og det er mulig eg blande med sos.ped.
Idag blei me presentert nokre begrep,nokre enkle og andre meir kompliserte.Kan nok vere lurt å skaffa oppslagsverk i ein fart!
Det kjem nok fleire refleksjonar etter kvart,men eg håpar det blir like spanande som eg trur det blir.

20.08.07.Kvifor valgte eg Hsh?

Når det kom til val av høgskule var det eigentleg ingen tvil.For mange år sidan når eg søkte Hsh var det på grunn av godt "rykte",eit rykte som innfridde både fagleg og sosialt.No har eg ein familiesituasjon som gjer at eg må pendla.Då er studiene lagt godt tilrette,ikkje minst med praksisskule i haugesund.Det er kjekt å tilbringa studiedagen ved ein så modernisert og triveleg høgskule.Til slutt vil eg senda eit smilefjes til sprudlande,engasjerte og flinke lærerar som me har her på A1.

20.08.07Kvifor vil eg bli lærar?

Det er nok ein lang prosess som har resultert i at eg vil bli lærar.Det byrja på gymnaset med ein fantastisk flink norsk lærar og dyktig pedagog.Han vekkte interressen for norsk faget som resulterte i at eg tok årseining i norsk her ved Hsh.Den fordjupninga holdt for meg,men eg valde å prøve meg med eit år med andre fag,det var lærerikt.I perioden som heimaverande fekk eg muligheten til å vikariere som lærarvikar,det var utruleg givande,spanande,utfordrande og lærerikt.Det var då den siste brikka fall på plass om at dette var eit yrke for meg.Gleda ved å jobba med born,kunna leggja tilrette kunnskapen både fagleg og tverrfagleg.Utfordringa med ulike læremetodar om korleis ein best skal tilføra kunnskapen.
Den sosiale delen i eit klassemiljø,korleis skapa eit godt klassemiljø.Dette er nokre få arbeidsoppgåver eg ser for meg som pregar ein lærar sin kvardag.Arbeidsoppgåver eg har lyst å ha i min framtidige kvardag.Det å få jobba med born er inspirerande og ingen dagar blir like.Tja nå har eg fått reflektert litt over kvifor eg vil bli lærar.Det er nok heile lærar "pakken" som inspirerer.Så vil desse åra vise om eg verkeleg blir lærar!

20.08.07

ja ja nå skal eg og byrja å bruke stor bokstav etter punktum! Data kunnskapene går i rett retning,men er litt stiv i høgre peikefinger!!

presentasjon av heidi

hei,heidi her! eg er 34år,gift og har tre barn.emma 10år,jonas 8,5 og sofie 7år.har studert to år tidlegeare ved hsh.har dei siste 10 åra vore 110% husmor og stortrivdes med det.ellers er eg glad i å laga god mat,invitera venner å drikka god vin!!! liker å gå turar og har ei aktiv fritid med mann og barn.set stor pris på å få kulturelle innslag i kvardagen,spesielt teater.trur eg er snill,omgjengelig og ærleg.mitt motto er,den største gleda ein kan ha det er å gjera andre glad.