lørdag 25. august 2007

25.08.07 Ein lærar eg hugsar.

FRØKEN

Eg hugsar ho så godt.
Det var min aller fyrste skuledag.
Tannlaus og full av forventning stod eg fint oppstilt i jenterekkja.
Eg hadde pynta meg med musafletter og ein ny flott,raud skulesekk.Sommarfuglane flaksa i magen då ho kom ut.
"Hei, eg heiter Marit,men de kan kalla meg frøken.
Slik blei det.Me hadde frøken i fire år.
Ho var som ei bestemor.Tryggheita sjølv,smilande og blid,flink(kunne alt),rettferdig, hjelpsam,og alltid til stades når me trong ho.Ho tok godt vare på oss,"gullungane mine" kalla ho oss.
Dei store brillene skauv ho på plass med peikefingeren og ho lukta reint.
Strikketøyet låg på katateret om ho skulle få ei ledig stund.
Dersom nokon uroa i timen vart det kryss på tavla, tre kryss og det blei lapp med heim.
Song stod hennar hjarta nært,så me avslutta dagen med"No livnar det i lunnar" og "Fager kveldsol smiler". Eg får endå gode assosisasjonar til dei songane.
Det var nok personlegheita hennar og det gode mennesket som gjer at eg hugsar ho så godt.
Ho gav meg ein trygg og god start på ein viktig epoke i livet.

5 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Det er så godt å lesa om den "bautaen" av ei frøken som du har hatt, og som betydde så mykje for deg i dei aller fyrste åra på skulen. Eg hadde sjølv ei sånn frøken dei fyrste 6 åra på skulen, og eg gløymer ho aldri. Skildringa di minner oss om kor viktig det er med ei trygg og forutsigbar ramme rundt skulekvardagen... og det at ein veit at ein blir sett og sett pris på (jmf. gullungane mine)...

Kjekt å lesa, Heidi..

Birgit :-)

Gerd Elin sa...

Kjempefin historie dette. Varm og koselig. Slik frøken skulle alle barn oppleve at dei hadde!
Gerd Elin:)

Elisabeth sa...

Veldig fin presentasjon og så bra skrevet, eg ser alt for meg:)

Mona H sa...

Hei! Koselig historie.. Du skriv veldig bra!

Ida sa...

Hei! For ei koslige historia du hadde om leraren din. Den fekk meg til å tenka på mine gamle lerarar:) Du virke som ei trivelige dama. Glede meg til å bli betre kjent med deg.