tirsdag 29. april 2008

29.04.08 Refleksjonsnotat


Ja vips så var dette pedagogikk året gått:)
Eg må jo sei at det har gått utruleg fort. Då me byrja i haust var eg veldig spent på korleis dette skulle gå, 10 år sidan sist på skulebenken, men eg kunne jo både lesa og skriva så det var bare å stå på tenkte eg. Eg må ærleg innrømma at eg fekk sjokk då eg etter kvart fekk ei forståing av kor mykje data og dataskriving me skulle halda på med. Me skulle blogga etter kvar pedagogikk økt.Hjelpe meg så eg styrte på. Eg kladda først kvart ord eg skulle skriva og måtte ha folk rundt meg når eg skreiv i bloggen tilfelle eg skreiv feil eller at det blei for stort mellomrom mellom orda, ja det var skrekkelig mange ulike tastar å halda styr på:)



Nå sit eg her å blogge som bare det å kose meg med det. Dette med å skrive blogg har vært supert for min del. Eg har måtta jobba jevnt og trutt med kvart einaste tema og det lære eg av. Fyrst lesa pensum, så forelesning, så anbefalt lenker eller anna aktuell literatur til temaet og deretter setja seg ner for å skrive ei oppsumering og reflektera over temaet. Det har vært utruleg lærerikt. Å ha og å vera kritisk ven har jo vært utfordrande men me må jo læra oss å gi konstruktive tilbakemeldingar som lærar så det er jo bare å prøva seg, og det er jo motiverande å få positve
tilbakemeldingar, at nokon liker og lærer noko av det ein har skrevet. Eg føler også at det har vært lærerikt å lesa andre sine bloggar.

Det har vært eit kjekt og varierande år, med ulike tema, forelesningar, framsyningar, gruppearbeid, individuel oppgåve,
gruppeoppgåver, praksis og mykje IKT. Alt dette har vært veldig relatert til skulen og som framtidig lærar. Dette med variasjon er viktig med tanke på tilpassa opplæring og då er det veldig greit for oss å få prøva ulike metodar og ikkje bare lesa om dei. Ved å ha variasjon finn ein og ut litt om korleis ein lærer best sjølv, som igjen har samanheng med korleis eins eige pedagogiske grunnsyn er, og korleis ein trur at elevane lærer best. Som ein raud tråd gjennom dette året både i pedagogikken og matten, er at ein har fått veldig god rettleiing og hjelp til å arbeide videre med oppgåvar og emner. Dette er for meg veldig lærerikt. Me blir introdusert i noko f.eks samansatt tekst,der me fekk sjå døme på dette og ein introduksjon i moviemaker,detetter var det å lage ein sjølv(gruppe).Ein kunne jo ha stoppa der, men så får me konkrete og spørjande tilbakemeldingar på ting me kan arbeida videre med og forbedra, som gjer at me går inn i stoffet endå ein gong og lære endå meir.
Dette opplevde eg spesielt med matematikk,pedagogikk oppgåva. I haust når me planla og gjennomførte opplegget, som var grunnlaget for oppgåva, såg eg på dette med heilt andre auger enn eg gjer nå etter å ha skrevet den for andre gong. Eg ser kor viktig det er å planlegga undervisninga med tanke på å tilpassa og tilrettelegga for elevane,elevane er ulike og undervisninga treng variasjon for at alle skal lære. I haust hadde eg nok meir fokus på det konkrete undervisningsopplegget, oppgåvene elevane skulle arbeide med. No ser eg at det er viktig å tenkje på konkrete oppgåver, men det viktigaste er jo å finne aktivitetar og oppgåver som alle kan ha læringsutbytte av.

Praksisen viste kor vanskelig det er å setja teorien ut i praksis. Ein skulle ha kontroll over alle elevane,så var det å hugse på kroppsspråket, god kommunikasjon med elevane, sjå den enkelte,tilpasse undervisninga for både svake, sterke og dei midt i mellom osv, puh. Eg ser jo at mykje av dette er ting som kjem litt av seg sjølv og spesielt når ein ein gong får sin eigen klasse og blir godt kjende med elevane. Alikevel er det mange utfordringar i det å vera lærar.Noko av det viktigaste er å sjå elevane, skape tilit og godt klassemiljø, tilpasse undervisninga og vera ein god veiledar og trygg voksen for elevane.

For min eigen del i praksisen ser eg at eg takle og trives med å leia ein klasse, men når eg kjem til stord og skal stå foran medstudentar, då slite eg meir:)Ja ja så er det jo ikkje foran mange medstudentar eg ein gong skal undervise, og dessuten så får me nok meir trening i dette neste år. Øving gjer meister, det gjeld å vera trygg på det ein gjer.

Eg føler eg har fått eit godt innblikk
i det å vera lærar etter alt me har lært og gjort dette året. Alt frå lærarens mandat og alle dei oppgåvene som ligg på læraran utanfor klasserommet, IKT og data er jo blitt ein av ferdighetane som elevane skal læra, ulike moment
(motivasjon,selvet,oppvekst,utvikling osv) som spelar inn på elevane og som er med på å påverke dei til den dei er, ulike undervisningsmetodar, mange læringsteoriar, spesialundervisning og mykje meir. Alt dette me har lært er veldig matnyttig og relevant for det å undervisa i skulen.

Når det gjeld det pedagogiska grunnsynet så har det vært litt vrient. Når me først fekk innblikk i dette og alle teoretikarane blei eg vel litt panisk, hjelp eg har ikkje eit pedagogisk grunnsyn, kan nokon gi meg eit?:) Eg ser jo at dette har vært ein prosess, eg har hatt og har eit pedagogisk grunnsyn men det blei litt vanskelig når me skulle plassera det og trekka paralellar til dei kjende store teoretikarane. Eg tenkjer det er viktig at elevane deltar aktivt i konstruksjonen av sin egen kunnskap og at me som voksne ikkje bare kan "planta"kunnskapen inn i barna. Dewey bruker begrepet "learning by doing", aktivitetslæring,at elevane lære ved å praktisera. Det er viktig å tilpassa undervisninga og då er variasjon ein god mulighet, individuelt arbeid, gruppearbeid,prosjektarbeid. Det er viktig å la elevane både få utfordringar og samstundes må dei føle meistring. Eg trur også at kunnskap blir til gjennom samhandling med andre. At elevane kan samarbeide seg fram til løysningar,men og at dei lærer av kvarande. Wygotskys proksimale utviklingssone og stillasbyggingen til Bruner er veldig sentrale. Det finnes ei grense for kva elevane kan greie aleine og kva dei kan greie med hjelp frå ein meir kompetent annan. Det er viktig å støtte eleven på veg til læring. Stille dei gode spørsmåla og hjelpe dei videre der dei treng det, men dei treng også noko å strekke seg etter.Eg tenkjer også at det er viktig at elevane ser nytten i det dei lærer. At det blir ein slags progressjon i utviklinga, slik som spiralprinsippet, dei lærer noko som dei etter kvart utvidar og at det då er viktig at dei lærer "ting" skikkeleg før dei går videre. Språket og samtalen er sentral i læringsprosessen, men samstundes er det jo i eleven at læring skjer.
Vakt prinsippet legg vekt på 4 ulike hovudretningar innan læringsstilar. Dei visuelle, auditive, kinestetiske og taktile. Dette er også relevant for korleis barn lærer . Barn er forskjellige og undervisninga må tilpassast, sånn er det med den saken.






Då vil eg bare sei takk til lærarar og medstudentar som har bdratt til å gjera dette til eit kjekt og lærerikt år. Blogging og data har gått over all forventning takket vere god hjelp. Eg er veldig glad for at eg begynnte på Stord akkurat i haust:)


tirsdag 15. april 2008

15.04.08 Frukost



Ja det blei ein skikkelig koselig dag denne siste dagen med pedagogikk.God frukost med ferske rundstykker,kaffi og god drøs rundt bordet.Dette er noko å ta med seg vidare ut i skulen som eit lite avbrekk i den travle kvardagen.Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere det lille ekstra.Det veit iallefall Birgit for ho har vel egentlig hatt små drypp av utradisjonelle innslag i forelesningane sine heile året.Det er motiverande og skaper trivsel.Takk for det Birgit:)






Til slutt sammlast me for å sjå dei sammensatte tekstane til dei ulike gruppene.Det var kjekt å sjå kva dei andre gruppene hadde fått til,mykje bra.Her fekk eg mange tips til både korleis laga ein sammensatt tekst og idear til bøker som verka kjekke på ulike trinn.Eg syntes alltid det var så kjekt når læraren leste høgt for klassen,men det hende jo det var skivebom ved valg av bok og då var det heller kjedelig.Kjekt med idear til gode bøker.






Puls fekk eg desverre ikkje sett,men leste ein artikkel i H.A om dei stille barna som sliter.Det er vel desse barna som blir sist sett i forhold til det å ha eit adferdsproblem.Når ein tenkjer på dei utagerande barna som ein ser frå fyrste sekund.Mellom 5 og 8 prosent av alle skulebarn er så stille og tilbaketrukne at det hindrer dei i læring og sosial omgang(ny kartlegging,HA)Dette er ganske urovekkande.Det kan vera ulike grunnar til slik adferd,mobbing,psykiske problem eller kanskje familiære problem.Eg trur nok at dei "urolege" elevane tar stor plass i ein klasse.Det går mykje tid i å legga til rette for desse elevane,aktivisere eller roe ned,men skulen skal jo tilpasse den enkelte elev så det er like viktig å ta hensyn til innagerande som utagerande,flinke og mindre flinke elevar.Nok ei utfordring for læraren.



mandag 7. april 2008

07.04.08 Veiledning og vurdering



Veiledning og vurdering er pedagogiske aktiviteter som tek sikte på å fremja læring,utvikling og vekst hjå elevane.


Ein forutsettning for veiledning er at me har ein dialog.Det kan gjelde muntleg eller skriftleg,fagleg eller sosialt,men det er viktig at det er eit tillitsforhold og god kommunikasjon mellom den som vert veileda og den som veileder.Når det gjeld pedagogisk veiledning er det fire punkt som er særs viktige å huske på.




*Å vera utforskande saman med den som vert veileda.


*Å stilla dei gode spørsmåla.


*Å gje råd.


*Å korrigera.



Det er viktig for eleven med vurdering,og eleven skal læra noko av vurderinga.

Formativ vurdering er i følge pedagogisk ordbok"vurdering som har læring som formål.F.V sikter mot å forme den videre læringsprosessen ved å gi eleven en tilbakemelding som konstruktivt kan bidra til ytterligere læring"


Summativ vurdering er i følge pedagogisk ordbok"vurdering som finner sted ved avsluttningen av et læringsforløp.S.V har som formål å avgjøre om noe er holdbart eller ikke.S.V har kontroll ikke læring som siktemål.


Det er viktig med både god,konstruktiv veiledning og vurdering for elevane.Dette er ein del av det å sjå heile eleven,gi tilbakemeldingar som har meining og bidrar til videre utvikling og læring.Her kjem både motivasjon og sjølvbildet inn som ein konsekvens av korleis me som lærarar gir ros,ris og tilbakemeldingar.(eg går ikkje inn på korleis her.)
Eg trur ein må vera bevisst sine valg når ein formulere seg i sine tilbakemeldingar.Ein må bruka eit språk som elever forstår og som ikkje kan misforstås.Første bud er å ta fatt på det som er positivt ved eleven,men samtidig må ein også peike på det som kan forbedres.Det er viktig å gi tilbakemelding til den det gjeld og ikkje sammenligne med dei andre elevane.
Det er ulike måtar å vurdere elevane på og det blir nok ei utfordring når me skal ta til med dette sjølv.

For å i det heile tatt kunne vurdere elevar må ein bruke diagnostisk vurdering(i forkant,kartlegging),formativ vurdering(undervegsvurdering,læringsstøttande vurdering) og summativ vurdering(slutt vurdering) Det høyres litt skremmande ut å vurdere elevar og det arbeidet dei gjer,men me lagar vel våre eigne metodar etter kvart som me blir drevne i faget:)
Å veilede er vel noko som skjer dagleg,kanskje nesten ubevisst,både fagleg og sosialt.Det er alltid nokon som treng eit råd,litt korrigering på arbeid eller kanskje litt rettleiing når det oppstår ein konflikt.Ein må då huske på å vera sakleg og konstruktiv i sin måte å veilede på.
Det var kjekt med oppgåva me hadde på slutten av dagen i dag,der me fekk prøvd oss på å gi tilbakemelding på eit arbeid ein elev hadde gjort.Det er mykje å tenke på og ta hensyn til med slike tilbakemeldingar men det var kjekt og.






tirsdag 1. april 2008

o2.o4.08 Sjølvbilete og attribusjonsteori

Dette emnet synes eg det har vært litt vrient å få taket på,det er så mange og ulike uttrykk,tema som flettar seg saman.
Mennesket er en helhet og skolens oppgåve er å utvikle eleven som
person,både kunnskapsmessig,moralsk,følelsesmessig,skapande og sosialt.Det vil sei st skulen skal medvirke til ein allsidig personlighetsutvikling hjå eleven.Skulen skal ikkje bare formidle kunnskap,men også støtte opp under elevens allsidige utvikling på ein positiv måte,og utvikle elevens,sosiale,etiske og kulturelle kompetanse.Med personlighet meines heilheten av menneskets karakteristiske tanker,følelser og væremåte.Ein kan sei at personligheten er menneskets måte å oppfatte ,organisere og presentere seg sjølv på,både overfor seg sjølv og omverden.(Imsen)

Sjølvet er bærebjelken i vårt indre,og kan delast inn i to.Eit handlande, ubevisst eg, og eit observerande,bevisst meg.Det er viktig å vera klar over at ikkje alle elevar har eit bevisst forhold tilseg sjølv,sine muligheter og begrensningar.Dette
kan vise seg i elevens reaksjonar,kva forventningar dei har,motivasjon og kvifor dei oppfører seg slik dei gjer.Born utviklar ikkje god sjølvkjennsle åleine,men i relasjon med andre.Då er det viktig som lærar å vera bevisst sine handlingar,uttrykksformer,kroppsspråk og gir konstruktive tilbakemeldingar til eleven.Nokon elevar tar seg nær av oppgåver som læraren har retta fordi dei ser seg sjølv som ein del av det dei gjer.

Attribusjonsteori er ein teori om korleis me knyter årsaksforklaringar til det som hender oss.Desse årsakene er viktige,fordi dei til ein viss grad styrer forventningane våre.Nokon har lett for å legga skulda på andre,medan andre har lett for å ta ting innover seg.Ein skil mellom ytre fortolkning og indre fortolkning.(Imsen).Det er en sammenheng mellom årsakstolkningar av suksess og nederlag og motivasjon,prestasjonmotivasjon.Personar med høg sjølvoppfattning har større tendens til å forklara suksess ved indre årsaker enn dei med låg sjølvoppfattning.Så det er mykje på det indre plan hjå eleven som me som lærarar må ta hensyn til og vera bevisst på.Ut frå Eriksons åtte menneskealder er det mange "fallgruver" som kan få konsekvensar for born i seinare tid.Som lærar må ein sjå den enkelte elev,heile eleven som person,for å klare å gi god læring til den enkelte.

_________________________________________________________


I følge den amerikanske filosofen og psykologen Georg Herbert Mead dannes selvet, det bevisste meg, ved at individet oppfattar seg sjølv og sine gjerningar gjennom den samhandling som går føre seg mellom individet og ein eller fleire andre.
Eit individ gjer ei handling,f.eks gjer noko eller seier noko,
dette blir registrert av dei som er tilstades som tolkar og vurderar det dei har sett eller høyrt.Dette blir ei tilbakemelding til individet, verbalt eller gjennom kroppsspråket til dei tilstedeværandes. Gjennom denne tilbakemeldinga tolkar individet dei andre sine reaksjonar som er med å danne selvet til individet. Me observerar andres reaksjonar på oss sjølv. Vårt sjølvbilete blir med andre ord til gjennom at me ser oss sjølv i andre. Me bryr oss meir om signalene me får frå den nærmaste familie og venner enn nokon tilfeldig forbipasserande. Me kan sei at det sosiale nettverket vårt fungerer som eit speil, det er dette Mead kallar speglingsteorien.

Det er gjort mange undersøkelsr på at det er forskjell på jenter og gutar i skulen.Det er og gjort undersøkelsar på at lærarane gjer forskjell på jenter og gutar, og ikkje bare på svake og sterke elevar. Lærarane forventar kvalitativt forskjellige ferdigheter frå guttar og jenter. Ved å formidle spesielle forventningar påvirkar læraren elevens selvoppfatning, og på denne måten birdrar læraren til å holde kjønnsstereotypene ved like.



Forskning viser ein stor forskjell på korleis jenter og gutar tolkar suksess og nederlag.Jentene er smålåtne og forklarar suksess med ytre faktorar og nederlag med indre faktorar.Guttane forklarar suksess med indre stabile faktorar,evner, medan dei forklarar nederlag med ytre faktorar,uflaks. Dette er noko til ettertanke.

Erikson deler livsløpet inn i åtte karakteristiske perioder ,også kalla menneskets åtte aldrar. I kvar periode er det slik at i ytterste konsekvens er det to mulige utfall av utviklingen av det nye personlighetsaspektet.Det eine er positivt og det andre er negativt.Det kan forekomme mange uheldige og negative konsekvensar for barn som ikkje får den positive personlighetsutviklinga ved passert ei utviklings periode. For å legga best mulig til rette for at utkommet av krisa skal vera positiv er det viktig å gi elevane trygghet og tillit,la elevane føle meistring og bli tatt på alvor. Det er viktig å sjå eleven og å gjera dei trygge på seg sjølv. Dette er viktig for at elevane skal gå positivt over til neste periode og ikkje minst viktig dersom dei har hatt ein trøblete oppvekst.