fredag 24. august 2007

24.08.07 Refleksjon

Idag har eg sete i solveggen å "kost" meg med 1.kap.av elevens verden.
Nå er eg for alvor i gang som student,kjekt og.
Ja her var det mykje til ettertanke.
Til dømes det at skulen skal vera "heimens forlengjande arm".Noko som er ganske omfattande når ein tenkjer på alle dei ulike verdiar,livssyn og normer dei ulike familiane har.Pluralisme,mangfoldet i normer og verdiar, var eit nytt og "flott" ord.
Samtidig som skuledagen blir lengre og lengre for eleven er det jo viktig at skulen tar del i oppdragelsen.Den sosiale oppdragelsen tar form over tid, i ulike samanhengar og i ulike samansettningar.Då seier det seg sjølv at skulen blir ein sentral del av denne oppdragelsen og læraren blir den som må korigere elevens feilsteg.
Ja det ligg mykje ansvar og mange utfordringar i det å vera lærar.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

... og det tema kjem vi til å gå grundigare inn i neste veka. Då skal vi ha om læraren sitt mandat og mange oppgåver. Det er eit interessant tema...

Birgit :-)