tirsdag 28. august 2007

28.08.07 Kommunikasjon

"Eit varmt smil er vennlighetens verdensspråk"W,Arthur Ward.

Det at kroppsspråket utgjer 70% av språket har eg aldri tenkt på,men absolutt noko å tenkje over! Ein må nok vera ganske bevisst på sitt eige kroppsspråk spesielt når ein har med barn og i skulesammenheng å gjera.Barn reagerer intuitivt på kroppsspråk.
Skal ein klara å ha ein god kommunikasjon i ein klasse må jo læraren vera positivt engasjert,gi uttrykk for at eleven blir høyrt,og at eleven blir tatt på alvor.Det å gi dei trygghet til å våga å snakka,bruka eit språk som elevane forstår.Viktig å komme på bølgjelengde med elevane,at den informasjonen me gir blir oppfatta slik me ynskjer.
Dette er vesentlege punkt som bidrar til å oppnå god kommunikasjon i ein klasse,trur eg...
Eg gler meg til å sjå kva slags kommunikasjon praksislæraren vår har med sine elevar.Og ikkje minst om me klarer å kommunisera med dei!!

Gruppedynamikk

Korleis gruppa fungerer.
I artikkelen om gruppedynamikk(anbefalt fordjupningsstoff) kan ein dra klare paralellar mellom ei gruppe og ein klasse.
Elevane ynskjer ulike roller i klassen.Nokon er blyge og vil helst vera tilskoderar,nokon vil bli sett og nokon vil ta kommandoen.
Dersom ikkje alle finn sine roller kan det lett oppstå konfliktar.Det at to kjempar om samme rolle kan bli problematisk og føre til utone mellom dei,som igjen går utover resten av klassen.
Ein elevs ledar rolle kan ha stor innverknad på klassemiljøet.Eleven er gjerne ikkje klar over at han/ho er ledaren.Dersom ledaren er ein person som har ei positiv haldning til skulearbeid,er engasjert i timane,snill mot dei andre,o.s.b kan dette "dra" heile klassen i ei positiv retning for klassemiljøet.Og motsatt dersom ledaren er veldig negativ.Dei fleste klassane har ein ledar av eit eller anna slag,forutan læraren.
Eit tips: Det er nok lurt å settje seg sammen med klassen å lage klasse reglar.Reglar der ein
blir samde omkorleis alle vil ha det i klasserommet,til dømes;bruka inne stemme,
arbeidsro,
vera snill mot andre.
Dette er utrulig spanande,glede meg til å læra meir:)

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei på deg...

Du har vore flink til å tenkja over og uttrykkja innhaldet i økta med eigne ord, og til å setja det i samanhang med skulekvardagen og lærarrolla. Du har mange gode poeng, og eg tykkjer det er flott at du har overført det du leste om gruppedynamikk til situasjonen i ein klasse. Elles så fekk de jo prøva dykk med kommunikasjon foran klassen kun basert på kroppsspråk, korleis opplevde du det? Episoden om kroppsspråk på NRK sin serie "Kroppen", var det noko du beit deg merkje i der? Eg må avslutta med at eg tykkjer du har jobba godt med fagstoffet.

Birgit :-)