tirsdag 30. oktober 2007

30.10.07 Oppsumerande læringsteori

Idag fekk me sjå dei to siste innslaga om læringsteori,kjempe bra det og!
Det var så bra å få laga det tankekartet om dei ulike teoriane.Og endå bedre var birgit si oppsumering,supert.Eg lurer litt på for min del om innlæringa mi hadde blitt meir effektiv om me hadde fått ei innføring i dette først for så å gå djupare inn i stoffet i lag med gruppa.Det blei så mykje lesing og forvirring uten at eg klarte å sortere og å plassere dei ulike personane og teoriane i forhold til kvarandre.Eg skal prøve å notere meir neste gang,kanskje tankekart, med både lesing og notering blir det dobbelt så effektivt som å bare lesa,for min del.I gruppa vår blei me også enige om å utveksle notater neste gang me skal dele på lesinga og ha god studieteknikk.
Den nye oppgåva er me i gang med.Så får me sjå korleis me klare å løysa den og ikkje minst bli enige om slutt resultatet.Inspirerande i siste matte time i dag når kvar gruppe la fram sine idear om korleis dei hadde planlagt med tanke på praksis,sjølv om dei fleste bare var på kontekst stadiet.
Så var me på datalabben i dag!Kjekt å sjå alt som kan gjerast på dataen.Eg blir like imponert og overraska kvar gong,og får samme panikken med tanke på at eg skal gjera det sjølv ein gong...
Det går seg jo til(senk skuldrene og ta eit steg om gongen,Birgit sine ord.)Dette er absolutt mi oppskrift når det gjeld denne maskinen.
Å vera på datalabben samanliknar eg med å gå tur i myrlent terreng,for kvart steg havnar ein litt lenger etter! Nei da, nå skal eg ikkje vera pessimist!! Eg skal klara å få fint bilete og innholdsliste på oppgåva mi,så det så.

3 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Eg synes du ser svært så positivt på dette, og det er bra. Eg syntes og det gjekk fort på labben på måndag og det sjølv om eg har gjort ein del av dette før. Trur det er masse trening som skal til, og ofte i sitt eige tempo. Då aukar farten etterkvart, og ein blir ikkje stressa av at dei andre ligg føre. Ikkje la deg stressa av det, sant...
Er nok og enig med deg i at det hadde vore greitt å fått litt meir input før me skulle produsera "outputtet", men så var det det med den induktive arbeidsmetoden då...
Gerd ELin:-)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, "tillags åt alle kan ingen vera", men eg får berre seia at det er vår erfaring at de lærer MYKJE gjennom denne måten å arbeida på,sjølv om det oppstår frustrasjonar. Eg legg ved ei lenkje til ein interessan artikkel: Det er vondt å lære!

I alle fall, lukke til med oppgåva...

Birgit :-)

heidi sa...

Ja det var ein interessan artikkel.
Mange nye synsvinklar,måtar å sjå og tenke på læring,som eg aldri har satt ord på før.
Å lære er ikkje bare å lære,på ein måte.Plutseleg har det blitt så viktig å vera bevisst egen læring og det å forstå andres læring.Kva er læring og kva er kunnskap o.s.b
Mange "ting" å tenke på,men utruleg spanande.
Ja kanskje all frustrasjon gjorde sitt til at me lærte til slutt,kven veit:)
Heidi