
Ja vips så var dette pedagogikk året gått:)
Eg må jo sei at det har gått utruleg fort. Då me byrja i haust var eg veldig spent på korleis dette skulle gå, 10 år sidan sist på skulebenken, men eg kunne jo både lesa og skriva så det var bare å stå på tenkte eg. Eg må ærleg innrømma at eg fekk sjokk då eg etter kvart fekk ei forståing av kor mykje data og dataskriving me skulle halda på med. Me skulle blogga etter kvar pedagogikk økt.Hjelpe meg så eg styrte på. Eg kladda først kvart ord eg skulle skriva og måtte ha folk rundt meg når eg skreiv i bloggen tilfelle eg skreiv feil eller at det blei for stort mellomrom mellom orda, ja det var skrekkelig mange ulike tastar å halda styr på:)

Nå sit eg her å blogge som bare det å kose meg med det. Dette med å skrive blogg har vært supert for min del. Eg har måtta jobba jevnt og trutt med kvart einaste tema og det lære eg av. Fyrst lesa pensum, så forelesning, så anbefalt lenker eller anna aktuell literatur til temaet og deretter setja seg ner for å skrive ei oppsumering og reflektera over temaet. Det har vært utruleg lærerikt. Å ha og å vera kritisk ven har jo vært utfordrande men me må jo læra oss å gi konstruktive tilbakemeldingar som lærar så det er jo bare å prøva seg, og det er jo motiverande å få positve

tilbakemeldingar, at nokon liker og lærer noko av det ein har skrevet. Eg føler også at det har vært lærerikt å lesa andre sine bloggar.
Det har vært eit kjekt og varierande år, med ulike tema, forelesningar, framsyningar, gruppearbeid, individuel oppgåve,

gruppeoppgåver, praksis og mykje IKT. Alt dette har vært veldig relatert til skulen og som framtidig lærar. Dette med variasjon er viktig med tanke på tilpassa opplæring og då er det veldig greit for oss å få prøva ulike metodar og ikkje bare lesa om dei. Ved å ha variasjon finn ein og ut litt om korleis ein lærer best sjølv, som igjen har samanheng med korleis eins eige pedagogiske grunnsyn er, og korleis ein trur at elevane lærer best. Som ein raud tråd gjennom dette året både i pedagogikken og matten, er at ein har fått veldig god rettleiing og hjelp til å arbeide videre med oppgåvar og emner. Dette er for meg veldig lærerikt. Me blir introdusert i noko f.eks samansatt tekst,der me fekk sjå døme på dette og ein introduksjon i moviemaker,detetter var det å lage ein sjølv(gruppe).Ein kunne jo ha stoppa der, men så får me konkrete og spørjande tilbakemeldingar på ting me kan arbeida videre med og forbedra, som gjer at me går inn i stoffet endå ein gong og lære endå meir.
Dette opplevde eg spesielt med matematikk,pedagogikk oppgåva. I haust når me planla og gjennomførte opplegget, som var grunnlaget for oppgåva, såg eg på dette med heilt andre auger enn eg gjer nå etter å ha skrevet den for andre gong. Eg ser kor viktig det er å planlegga undervisninga med tanke på å tilpassa og tilrettelegga for elevane,elevane er ulike og undervisninga treng variasjon for at alle skal lære. I haust hadde eg nok meir fokus på det konkrete undervisningsopplegget, oppgåvene elevane skulle arbeide med. No ser eg at det er viktig å tenkje på konkrete oppgåver, men det viktigaste er jo å finne aktivitetar og oppgåver som alle kan ha læringsutbytte av.
Praksisen viste kor vanskelig det er å setja teorien ut i praksis. Ein skulle ha kontroll over alle elevane,så var det å hugse på kroppsspråket, god kommunikasjon med elevane, sjå den

For min eigen del i praksisen ser eg at eg takle og trives med å leia ein klasse, men når eg kjem til stord og skal stå foran medstudentar, då slite eg meir:)Ja ja så er det jo ikkje foran mange medstudentar eg ein gong skal undervise, og dessuten så får me nok meir trening i dette neste år. Øving gjer meister, det gjeld å vera trygg på det ein gjer.
Eg føler eg har fått eit godt innblikk

i det å vera lærar etter alt me har lært og gjort dette året. Alt frå lærarens mandat og alle dei oppgåvene som ligg på læraran utanfor klasserommet, IKT og data er jo blitt ein av ferdighetane som elevane skal læra, ulike moment

(motivasjon,selvet,oppvekst,utvikling osv) som spelar inn på elevane og som er med på å påverke dei til den dei er, ulike undervisningsmetodar, mange læringsteoriar, spesialundervisning og mykje meir. Alt dette me har lært er veldig matnyttig og relevant for det å undervisa i skulen.
Når det gjeld det pedagogiska grunnsynet så har det vært litt vrient. Når me først fekk innblikk i dette og alle teoretikarane blei eg vel litt panisk, hjelp eg har ikkje eit pedagogisk grunnsyn, kan nokon gi meg eit?:)

Vakt prinsippet legg vekt på 4 ulike hovudretningar innan læringsstilar. Dei visuelle, auditive, kinestetiske og taktile. Dette er også relevant for korleis barn lærer . Barn er forskjellige og undervisninga må tilpassast, sånn er det med den saken.

Då vil eg bare sei takk til lærarar og medstudentar som har bdratt til å gjera dette til eit kjekt og lærerikt år. Blogging og data har gått over all forventning takket vere god hjelp. Eg er veldig glad for at eg begynnte på Stord akkurat i haust:)

3 kommentarer:
Ei god oppsummering frå året som har gått her, Heidi, med mange tankar og refleksjonar rundt både lærarrolla, oppgåveløysing og utviklinga av pedagogisk grunnsyn. Eg vil nytta høvet til å takka for i år, og seia at det har vore kjekt å bli betre kjend med deg. Vi snakkast nok til neste år, tenkjer eg.
Birgit :-)
Hei Heidi:)
Du har vert veldig flink, det var ei god oppsummering av året:)
Eg vil ønska deg lykke til med alle eksamen som kjem framover.
Stå på vidare!
Franny Maria
Hei Heidi
og takk for eit godt samarbeid både i og utanfor prasksigruppearbeidet.
Kjekt å bli bedre kjend med deg, og lukke til vidare i innspurten nå fram mot eksamen.
Kesia:-)
Legg inn en kommentar