tirsdag 15. april 2008

15.04.08 Frukost



Ja det blei ein skikkelig koselig dag denne siste dagen med pedagogikk.God frukost med ferske rundstykker,kaffi og god drøs rundt bordet.Dette er noko å ta med seg vidare ut i skulen som eit lite avbrekk i den travle kvardagen.Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere det lille ekstra.Det veit iallefall Birgit for ho har vel egentlig hatt små drypp av utradisjonelle innslag i forelesningane sine heile året.Det er motiverande og skaper trivsel.Takk for det Birgit:)






Til slutt sammlast me for å sjå dei sammensatte tekstane til dei ulike gruppene.Det var kjekt å sjå kva dei andre gruppene hadde fått til,mykje bra.Her fekk eg mange tips til både korleis laga ein sammensatt tekst og idear til bøker som verka kjekke på ulike trinn.Eg syntes alltid det var så kjekt når læraren leste høgt for klassen,men det hende jo det var skivebom ved valg av bok og då var det heller kjedelig.Kjekt med idear til gode bøker.






Puls fekk eg desverre ikkje sett,men leste ein artikkel i H.A om dei stille barna som sliter.Det er vel desse barna som blir sist sett i forhold til det å ha eit adferdsproblem.Når ein tenkjer på dei utagerande barna som ein ser frå fyrste sekund.Mellom 5 og 8 prosent av alle skulebarn er så stille og tilbaketrukne at det hindrer dei i læring og sosial omgang(ny kartlegging,HA)Dette er ganske urovekkande.Det kan vera ulike grunnar til slik adferd,mobbing,psykiske problem eller kanskje familiære problem.Eg trur nok at dei "urolege" elevane tar stor plass i ein klasse.Det går mykje tid i å legga til rette for desse elevane,aktivisere eller roe ned,men skulen skal jo tilpasse den enkelte elev så det er like viktig å ta hensyn til innagerande som utagerande,flinke og mindre flinke elevar.Nok ei utfordring for læraren.



2 kommentarer:

Franny Maria sa...

Hei Heidi:)
Men kva har du lært dette året? Og korleis synest du ped. har vert? Og kva er dine tankar om neste år?
-Franny

heidi sa...

Hei Franny
Kjekt at du er så ivrig å kommentera bloggen min,kanskje eg ikkje har vert like ivrig å svare deg,men det er på veg.
Kva eg har lært og kva eg syns om pedagogikken må du nok vente med å få svar på til eg legg inn refleksjonsnotatet mitt,då kjem eg tilbake til dette.Den som venter får sjå...ha ha
Heidi