onsdag 26. mars 2008

Praksis,veke 9,10 og 11


Ja der var praksisen unnagjort for dette skuleåret.
Det har vært tre travle,utfordrane,spanande og ikkje minst kjekke veker.Det er ikkje bare bare å skal settje all teori me har lært ut i praksis.Eg synes mange ting var lettere nå når me kjende elevane litt bedre.Det å tilpasse arbeisoppgåver,vera klar over styrke og svakheter hjå elevane og kommunikasjonen med klassen.Eg hadde som mål å bli tryggare på det å leda klassen,følte meg ganske trygg denne gang.Dersom ein ikkje føler seg komfortabel i rolla vil det gå utover elevane fordi ein har meir enn nok med seg sjølv,kva ein skal seie og gjere til ei kvar tid.Er ein trygg på seg sjølv er det lettare å sjå elevane,sjå den enkelte,ha ein god dialog,ta uforutsette ting på sparket(og det er det jo alltid mykje av i ein klasse ein skuledag,alltid noko som dukkar opp som ein må handtere),vera motivator osv.

Dette med motivasjon hadde me fokus på,men det viste seg å vera ei utfordring.Utruleg kor ulikt elevane blir motiverte.For nokre var oppgåvene for vanskelege for andre for lette,men slik vil det vel alltid vera og det er vel då ein må inn og tilpassa litt individuelt.
Me hadde stor variasjon i undervisningsopplegga våre,gruppearbeid,individuelt arbeid,arbeidsprogram,ikt,var på naturfagsalen der elevane gjorde egne forsøk og me hadde bakedag.Mykje forskjellig har me fått prøvd ut.
I og med at skåredalen er MIskule har me tenkt og prøvd ulike ting slik at me var innom dei ulike intelligensane.Kjekt å sjå korleis elevane "blomstra"når det var opplegg som fungerte eller me traff den enkeltes intelligens.Me var og priviligerte som hadde to klassar og fekk prøvd opplegga våre to ganger med veiledning og kunne eventuelt forandre det som ikkje fungerte slik me hadde tenkt.Sjølv om me hadde to femte klassar var dei ganske forskjellig og alt gjekk aldri heilt likt,det er vel eit bevis på at alle elevane er forskjellige og at det ikkje er noko fasitsvar på god og effektiv læring.
Det har vært utruleg lærerikt å få ha ansvar frå planlegging,utførelse av opplegg og evaluering med praksislærarar.

For meg har det vært eit positivt møte med skulekvardagen.Det var trist å sei hade til klassane men dei har vært med på å gi meg eit positivt minne frå praksisen min i A1.Me har hatt to kjekke,flinke praksislærarar som har gitt oss god veiledning og mange tips og idear som eg skal ta med meg videre,for det er jo lærar eg skal bli:)

1 kommentar:

Geir Martin sa...

Veldig bra blogg, eg kjenner meg igjen i mykje av det du skriv. Det er flott at du synest det var eit privilegium å ha to klassar! Skal eg sei noko kritisk, så må det vera det at eg pleier å ha mellomrom etter komma eller pumktum når eg skriv..