torsdag 14. februar 2008

07.02.08 Ynskjeøkt


Me hadde ei fin pedagogikk økt i dag,med levande lys og to flotte fruktfat.Eg skal huske på korleis "utenom ting" skaper trivsel i skulekvardagen:)
Tilpasset opplæring er tilrettelegging for læring der eleven,utfrå evner og forutsettninger,søker utfordringer og utvikler seg fagleg,sosialt,fysisk og personleg.Opplæringa må sjåast i forhold til den enkelte elev og elevens personlighet, ein kan ikkje alltid stilla dei same krava til alle elevane på alle områda.Dette er kanskje noko som skjer både ubevisst og bevisst frå læraren si side,ein ber ikkje ein elev om å lesa eit avsnitt frå boka dersom ein veit at eleven ikkje meistrar lesing.Det er viktig at arbeidsoppgåvene gir meining for den enkelte slik at elevane utviklar seg og har progresjon i læringa si.Eit grunnleggande prinsipp for å oppnå god tilpasset opplæring må vera at læraren
kjenner den enkelte eleven,slik at ein kjenner elevens faglege og sosiale forutsettninger.I dagens skule er den tradisjonelle opplæringa på eit nivå som passer best for gjennomsnitts eleven.Det kan og sjå ut som om det er mest fokus og flest tiltak for dei som heng litt etter.Det er viktig å huske på dei som ligg litt foran dei andre også,dei treng utfordringar og oppgåver som gir meining og som dei kan utvikle seg med.Me veit at for vanskelege og for lette oppgåver verkar inn på motivasjonen,som igjen verkar inn på læring(litt av eit puslespill dette!)
Tilpasset opplæring er eit grunnleggende prinsipp for den norske grunnopplæringa.

Spesialundervisning er ei form for tilpasset opplæring som tar sikte på å hjelpe elever med særskilte behov, ei eller anna form for funksjonssvikt,til dømes kognitivt(lesing og skriving),kjennslemessig( sosialt og kjennsler av ulik art)eller fysisk(hørsel,syn,osv.).I følge opplæringsloven § 5-1 seies det at elever som ikkje har eller ikkje kan få tilfredstillende utbytte av det ordinære opplæringstilbudet,har rett til spesialundervisning.I nokre tilfeller må det nok være vanskeleg å sjå kva tid ein elev treng "ekspert" hjelp.Ein høyrer jo om historiar der foreldra meiner at det er grunn til uro,men at skulen ikkje tar affære.Korleis heng dette i hop?.Det er jo som oftast fleire lærarar som er innvolverte i elevane og er det slik at nokon lærarar tar sky lappane på og ikkje vil innvolverast eller er det hysteriske foreldre?Det er vel historiar som går på både det eine og det andre,og ei sak har jo alltid to sider.Det må vera utruleg viktig å vera på vakt når det gjeld elevar med spesielle behov.Heller ein "test" for mykje enn ein for lite det er tross alt eleven sitt liv og framtid som står på spel.Ein må vera klar over at nokon elevar og nokon problem kan vera for store for ein lærar.Kanskje trengs det ein psykolog eller logoped,vel er det ein "allsidig"jobb å vera lærar men ein må ta imot hjelp når det trengs.Søk hjelp i tide,(kanskje lettare sagt enn gjort?!)
"Livet skal ikke begripes det skal gripes."(Bjørling)

Nå var eg så heldig å få vera med å observera ein elev med spesialundervisning.Skremmande å sjå korleis "ryggsekken" me har
med oss påverkar oss.Samstundes må det vera veldig givande å få vera med å putta nye,positive ting i desse"ryggsekken".
Nok ein gong sit eg att med følelsen av å vera lærar er utruleg omfattande og krevande,men samstundes kjempe spanande.
Mange interessane artiklar på nettet om desse temaene,til dømes inkluderende opplæring og elevsiden.


__________________________________________

Det er mykje interessan lesning på elevsiden.no synes eg.
Eg las at det er 6% av elevane i Noreg som får spesialundervisning, og at 70% av desse er gutar.Dette gjer meg tankar om kva det kan skyldes,men som me veit er jenter og gutar litt ulike og det har vært mang ein diskusjon på at skulen "ikkje er laga" for gutar. Kan den store prosenten på spesialundervisning være ein konsekvens av dette med gutane sin plass i skulen? eg bare spør.

Elevar som har spesialundervisning skal ha ein individuel opplæringsplan, som viser målet for, innholdet i og korleis spesialundervisninga skal drivast.
Spesialundervisninga er individuel og varierer frå skule til skule og er avhengig av kommunens økonomi. Ein elev som har spesialundervisning ved ein skule og flyttar til ein ny skule kan i verste fall miste spesialundervisninga si. Dette er jo ein uheldig situasjon,men som faktisk skjer i dagens samfunn.
Det er fordeler og ulemper med spesialundervisning. Dersom spesialundervisninga har som overordnet mål at eleven ikkje blir tatt for mykje ut av klassen , men opprettholde tilknytting og fellesskapet i klassen og samtidig gir støtte,utfordring og tilpassar læringsarbeidet for eleven,vil dette føre til trygghet og følelse av å meistre for eleven,og samtidig vera som ein av klassen. Når dette skjer er spesialundervisninga bra. Ein ulempe kan vera der elevane er mykje ute frå den ordinære undervisninga, kan elevane fort oppfattes som "taperar "(frå andre elevar i klassen) og dette kan føre til stigmatisering og utstøting. Ein annan ulempe er at dei individuelle opplæringsplanane ofte har eit anna innhold enn den ordinære undervisninga og som kan over sikt resultera i at eleven går glipp av verdiful læring.

Nok ein utfordring dette.Eg vil anbefale alle å bruke elevsiden som supplerande lesning,der er det mange aktuelle tema, f.eks motivasjon, læring og lesing og mykje anna interessant knask:)

1 kommentar:

Ane Kesia sa...

Hei og takk for sist. Jammen vart det ei verdig avsluttning for praksisvekene våre. Kjekt var det, og særs lærerikt. Siste dagen med levande lys, påskepynt, egen sang til elevane og ein film med bileter og song av det me har gjort i desse to periodane....
" Utanom ting" som skapar trivsel, å sjå dei 40 elevane arbeide så godt saman i klasserommet med spørsmålskonkurransen vår på fredag var fantastisk. Sagt med praksislærarane sine ord ...har elvane opplevd mykje og variert og ikkje minst har alt godt godt.
vel done...påskeklem
:-) Kesia