mandag 31. mars 2008

31.03.08 Tilpassa opplæring


I dag hadde me ei god pedagogikk økt med Åshild om tilpasset opplæring.Gjekk gjennom sentrale omgrep,styringsdokument,opplæringslover og forskrifter,veldig matnyttig.Til slutt fekk me eit oppdrag som gjekk ut på å lage eit undervisningsopplegg med tanke på tilpassa opplæring.Det var bra å høyre alle gruppene sine forslag heilt til slutt,og det var mykje der det kan vera godt å ta med seg ut i skulen.
Tilpasset opplæring innebærer at alle elever har rett til opplæring i samsvar med egne evner og forutsettninger ,og gjeld for
grunnskule så vel som videregåande skule.Skulen skal ta hensyn til alle sider ved eleven.Tilpasset opplæring er tosidig,og innebærer både elevens læring og lærerens tilrettelegging.Når disse to sidene er i samsvar er opplæringa tilpassa.(Ekeberg og Holmberg)
I den virkelige skulekvardagen er nok lovfesta tilpassa opplæring ei utfordring for mange lærarar og symboleffekten kan vera skummel.Det kan til dømes vera individuelle opplæringsplanar som ikkje vert gjennomførte etter intensjonen,planar som blir laga av plikt og lagt i ei skuff eller at ekstra ressursar som var tenkt enkeltelevar blir brukt på heile grupper.

I ein klassesituasjon er ein nødt til å differensiera for at undervisninga skal vera tilpassa den enkelte eleven.Det kan vera mange måtar å gjera det på,feks med tanke på lekser og oppgåver går det ann å dele inn i ulike vanskelighetsgrader,gul,rød og blå,dette er noko ein finn i dei nyaste lærebøkene no.Leselyst,der eleven les bøker med vanskelighetsgrad ut frå deira egne leseferdigheter.Eg trur variasjon i undervisningsopplegg kan vera med på å gjera læringa hjå den enkelte enklare og meir motiverande.Elevane får prøvd ut ulike metodar til å tilegna seg kunnskap på og det blir nok ein "kjekkare" kvardag enn om det bare er tavleundervisning og oppgåveløysning.Ut frå Howard Gardners teori om multiple
intelligensar er det jo viktig at elevane treff sin intelligens for å få ein mest mulig effektiv læring,men samstundes er det og viktig at elevane trigge dei andre intelligensane og.Dersom ein er bevisst på dette med variasjon er det nok enklare å "treffe" fleire elevar.Dette var noko me fekk sett i praksis,å så inspirerande det var å sjå når noko passte ekstra for enkelte,korleis dei gjekk laus på oppgåver og utfordringar og var supermotiverte.Det var kjekt det,og når elevar er motiverte gir det positive tilbakemeldingar til oss,og inspirerer oss som lærarar, då har me ein positiv sirkel i gang,og gode forutsettninger for god læring.
Dette med tilpassa opplæring er spennande og noko eg håpar å kunne få meir fordjupning i ein gong.

___________________________________________________


Å ja eg har lest om tilpassa opplæring i Imsen si bok. Eg hugsar Åshild sa ein gong at den boka burde me slita ut til me var ferdige til neste år, og den har i allefall blitt godt brukt, me finn alt me treng der, nesten. Forståeleg og god bok. Ja ja nok om det.

Å differensiera betyr å gi undervisning som både innholdsmessig og metodisk er tilpassa ulikheter i elevens evner og anlegg. Det er viktig å kjenne elevane for å kartlegga deira ressurser og læreforutsettningar,for så å kunne legge til rette for tilpassa opplæring. Wygotsky snakker om betydningen av å finne fram til elevens "nærmaste utviklingssone" for å fremme læring og utvikling.
Når det gjeld organiseringa kan det for mange lærarar vera ei utfordring å bryte den tradisjonelle timeplanstrukturen. Det gir store muligheter for bedre differensiering om ein vel å variera undervisninga, f.eks stasjonsundervisning, storyline eller prosjektarbeid.




MI teorien til Howard Gardner er interessan og den fekk me litt kjennskap til i praksisen i og med at Skåredalen er ein " MI skule ". Det er jo ikkje så lett å tilpassa undervisninga etter elevane sine intelligensar,men det kan vera greit å veta kor elevane befinner seg i forhold til dei ulike intelligensane. Dei ulike intelligensane får i korte trekk utløp i den timeplanan som er i skulen. Kroppsintelligens får sitt utløp i gymtimene,musikalskintelLigens gjennom musikktimane,verbal-lingvistisk intelLigens (ordklok) gjennom norsk med både muntleg og skriftleg språk, logisk
matematisk intelLigens gjennom matematikken og spesielt dersom undervisninga er utforskande, spatial intelLigens gjennom kunst og håndverk, interpersonlig(sosial) intelligens gjennom det samholdet som er i ein klassesituasjon, eller i samarbeid med andre elevar, intra personlig intelligens går på evnen til sjølvinsikt. Det er vel den intelligensen som er vanskeligast å legge til rette for i undervisninga. Dette går meir på korleis eleven oppfører seg og styrer sitt eige liv, oppførsel og innsikt i eigne følelsar. Det må jo vera bra for arbeidsro i timane med mange elevar som har intrapersonlig intelligens, ser for meg dei stille, rolige,pliktoppfyllande, kontrolerte og beherskande jentene. Tja ikkje godt å sei. Det er ialle fall tydelig og inspirerande å sjå når elevar er i sitt rette element enten det har med intelligens å gjera eller ikkje:)

1 kommentar:

Franny Maria sa...

Heisann Heidi:)
Masse bra her, du er flink å trekka inn teori.
Veit ikkje heilt korleis eg skal væra kritisk her, enig i det du seier. Men ville du sakt at tilpassa opplæring var sjølvsakt? Og la du vekt på dette i praksis?
Franny