tirsdag 5. februar 2008

28.01.08 Motivasjon


Motivasjon defineres gjerne som det som forårsaker aktivitet hos individet,det som holder denne aktiviteten ved like og det som gir den mål og meining.(Imsen 2005,s 375)

Kva som motiverer oss er heilt individuelt og følelser er grunnlaget for motivasjon.Voltaires utrykk;"Du skal ikkje slukke ein brann men tenne ein eld,"er jo veldig viktig å hugse på i skulen.Ei viktig oppgåve som lærer er å motivera elevane til læring.At me tilpasser undervisninga og imøtekommer elevane sine behov.Det er viktig å få elevenes oppmerksomhet frå fyrste stund.Ein må jo prøve å pirre nysjerrigheten,vekke interessen og å legge til rette slik at elevane har lyst å lære.Då kan det være smart å ha det lille ekstra på lur,ei historie,ein sang,noko som er sjølvopplevd osv.Her blir det vel den indre og yttre motivasjon som
gjer seg gjeldane.Nokon elevar lærer fordi dei ynskjer å lære noko nytt og andre fordi dei ynskjer gode karakterer på neste prøve.I dagens skule står belønning ganske sentralt.Elevane får smilefjes for å ha gjort matteleksa rett,klistermerke for fin løkkjeskrift osv. Det behavioristiske perspektivet set fokus på ytre motivasjon og ytre belønning noko som me ser i dagens skule.Det finnes mange ulike teoriar som går på motivasjon og dette gjennspeglar nok vårt eige pedagogiske grunnsyn og korleis me synes me oppnår best læring.Det er nok ingen lett oppgåve å balansere mellom belønning og positiv respons.Overdreven bruk av belønning kan jo øydelegge interessen for læring og at ein bare jaktar på nye "klistermerker"og at ein gjer skulearbeid for læraren si skuld.Samtidig treng elevane positive tilbakemeldingar for å bli motiverte til videre læring.(hmm)
Motivasjon er eit veldig viktig punkt i undervisningsprinsippa,KAMPVISE.

"En klapp på skulderen ligger bare noen ryggvirvler fra et spark i baken,men gir likevel bedre resultat."(Bennet Cerf)





______________________________________________________________

_
Det er nok ikkje eit enkelt svar på korleis ein motiverer ein





klasse,eg trur det er mange moment som spiller inn.Det er jo viktig å få elevene interessert i det ein driv på med i skulen.Som lærar må ein klare å variere både arbeids metodar,oppgåver og innhald i skuledagen.Det er viktig å ha eit godt klassemiljø med god kommunikasjon og trygge elevar,og samtidig må ein ta hensyn til kva desse elevane har i "ryggsekken" sin når dei byrjar på skulen.Dersom elevane mestrer utfordringane dei får på skulen har dei ein innebygd tilfredsstillelse som gjer at belønning blir overflødig.Og når arbeidsoppgåvene blir for lette eller for vanskelige svekkes motivasjonen.Det blir jo veldig viktig å bli godt kjende med og forstå elevane,for å kunne gi dei oppgåver som dei kan mestre og ikkje slik at dei mister motet av oppgåvene og utfordringane.Kva eg konkret vil gjere for å motivere er vanskeleg å sei,men det er viktig å ha fokus på det,det blir som ein sirkel,er elevane motiverte blir det god læring og vise versa. Det er jo god læring ein vil ha i skulen.

Dei fleste elevar blir motiverte av belønning i skulen,men det finnes ulike former for belønning,belønning i form av symbol og premier,positive tilbakemeldinger eller uventede belønninger.Faren er jo når elevane gjør "ting" for belønninga si skuld.Då svekkes den indre motivasjonen og drivkrafta til å lære for egen interesse.Ein lærer jo best dersom ein vil lære.
Tenker på dette med lekser,nokon betaler jo barna f.e.k 10kr dersom dei gjer leksene bra.Dette trur eg er uheldig i det lange løp,til slutt blir det vel slik at barna gjer leksene for pengene si skuld.Eg har ungar som har kommt heim og spurt om ikkje dei og kan få penger for å gjera lekser fordi den og den i klassen får.Uaktuelt!Det som eg prøver på er å gjera leksestunda til ein positiv vane.Me sit sammla rundt bordet og har gjerne litt oppdelt frukt,kakao,boller eller brødmat(ikkje alltid,men stort sett er dei litt svoltne når dei kjem heim)Me snakkar om skuledagen og leksene går faktisk litt av seg sjølv.Dette er kanskje ein form for belønning det og,men det blir ikkje slik at dei får "kakaoen" når leksene er gjort.Det er for meg ein viktig forskjell.
____________________________________________________

Etter å ha arbeida med motivasjonsoppgåva har me lært endå meir om motivasjon, og dette er spanande læring.
Det er vanlig å skille mellom indre og ytre motivasjon.

Indre motivasjon er når barn er motiverte ut frå indre krefter,er nysjerrige og har interesse for det dei gjer.Elevane har lyst å lære seg noko nytt.Det er lysten til å lære som driv dei i arbeidet sitt.

Ytre motivasjon er når barn er motiverte og tar fatt på arbeidet fordi dei ønsker å oppnå ei belønning eller nå eit mål.Eleven tar ikkje fatt på oppgåvene for eiga lærings skuld, men p.g.a denne belønninga.




Indre og ytre motivasjon er like handlingar på den måten at dei har ein intensjon. A-motivasjon er på ein måte når eleven har gitt opp. A-motivert adferd kjennetegnes av at den er utanfor elevens viljestyrte kontroll. Tilstanden inntrer når eleven føler seg ute av stand til å styre sin adferd på ein måte som går i retning av ønskede resultater. Eleven mister engasjementet og innsatsen i timane blir dårleg, dei føler det ikkje nytter å anstrenge seg fordi det blir dårleg uansett. For desse elevane er det veldig viktig å tilpasse, støtte og hjelpe slik at dei føler meistring og ser at det nytter å gjera ein innsats. Det er viktig å vera oppmerksom på slike elevar,det kan bli ein ond sirkel om elevane slit med slike oppfattningar og holdningar. Vedvarande a-motivasjon kan få følger for eleven seinare i livet og i verste fall kan eleven få psykiske konsekvensar.



Prestasjonsangst handlar om at ein er veldig redd for, meir enn normalt, for utfallet av det som skal skj. Ein forventer ein ubehageleg opplevelse, redd for å mislykkast. Kort fortalt kan ein sei at elevar med prestasjonsangst har ein tendens til å forklare suksess med flaks og lette oppgåver. Fiasko forklarer dei med indre forhold, at dei ikkje duger.
Oppgåvenes vanskelighetsgrad står sentralt i høve til elevar med prestasjonsangst.Det er ein fordel med lette eller vanskelige oppgåver. Dei lette oppgåvene tenkjer dei at dei klarer, og med vanskelige oppgåver tenkjer dei at det er ingen skam å mislykkes med vanskelige oppgåver. Det er dei utfordranes oppgåvene dei kanskje kan klare som gir dei angst for å mislykkast.

Her gjekk eg inn på elevsiden.no, der stod det mange tips for tiltak mot prestasjonsangst,skrevet av Odd Ivar Strandkleiv, vil anbefale å lese det:)

2 kommentarer:

Cecilie sin blogg sa...

Utruleg bra skrevet, lærte meir av og lesa bloggen din enn heile "forelesingen".
Motivasjon er eit utruleg viktig tema, men også utruleg vanskeleg. Korleis skal me klara og motivera alle dei forskjellege individa i ein klasse?

Har du tenkt på kva du vil gjer for og motivera elevane? Har du noko spesielt som motivera deg?

Grethe Myhre sa...

Spennande å lese tankane dine om læring for belønninga si skuld, eller læring for kunnskapen si skuld. Har også sjølv tenkt ein del på korleis ein skal finne den rette balansen slik at læringa blir motiverande fordi "dette har eg lyst til å lære". Har du tenkt noko på om det i skulen i dag finst elevar som ikkje blir motivert av belønningssystemet? Kvar gjer skulen for dei?