torsdag 24. januar 2008

22.01.08 Punktpraksis

Observasjon

Me brukte ein dag på skåredalen skole til å observera i forbindelse av punktpraksis av born og nye medier.Eg hadde nok sett for meg at me skulle få ein generell innføring i databruken på skulen,blant anna om korleis den digitale tavla virkar,kor mange datamaskinar som er tilgjengelege for klassane og kor mykje databruk det er i skulekvardagen på Skåredalen skole som verkeleg blir framstillt som IKTskule.Dette fekk me då ingen innføring i.
Derimot fekk me vera med klassen på datarommet,der dei fekk ei innføring i rekneark,som gjekk ut på å lage tabellar og diagram.Lærarane hadde eit opplegg på dette der elevane følgde punkt for punkt for å komme seg videre.Det var interessant å sjå korleis dette engasjerte elevane og kor flinke dei er til å prøve og feile.Me brukte to timar i kvar klasse på dette så det var vår observasjon.Ja så var me jo to timar i svømmehallen og.Fekk observert litt svømme ferdigheter:)


Planlegging

Me skulle ha tre timer databruk med klassen.Etter ønske frå praksislærer blei det ein time med nettvett og to timer geografi.I nettvettdelen ville me starta timen med sangen til Trond Viggo Torgersen,"Tenke sjæl".Det å tenke sjølv er jo ganske viktig når det gjeld nettvett.Deretter ville me prate med klassen om ordet nettvett,kva det betyr osv og komme litt inn på nettvettreglene til Redd barna.Elevene skulle også ta ein nettvett quiz som me fann på Saft sine nett sider.Me ville vise dei ein film om korleis eit lite tastetrykk kan ødelegge.Denne filmen fann me på Du bestemmer sine sider.
I geografi delen skulle me bruke Gule sider.Her var det i hovedsak kart og reiseruter me skulle gjennomgå.Me lagde litt oppgåver der elevane skulle finn ulike adresser,reiseruter og avstander.



Gjennomføring

Begynnte dagen med sang,det fallt veldig i smak!
Skreiv ordet nettvett på tavla og hadde ein open dialog med elevene om dette.Noko visste dei, noko var nytt og noko var sjølv opplevd.Elevane var engasjerte og ivrige etter å fortelje noko dei hadde høyrt eller sett i forbindelse med dette.
Når det kom til quizen sat elevane med kvar sin data,og til slutt gjekk me gjennom den i fellesskap.Her var det nok litt ulikt kva dei sat med igjen til slutt.For nokon var det bare å komme seg fort gjennom for å få prøvd seg på bonus spillet,så her måtte me korrigere elevene ein del.
Filmen såg dei eit par gonger for å få med seg budskapet,blei fyrst litt mykje lått og løye når dei såg guten i mora sin bh.Den gjorde inntrykk når dei fyrst såg alvoret i den.
På gule sider tok me elevane steg for steg i sammla tropp for å vise kor dei skulle trykke,skrive,
søke osv.Dei syntes det var kjekt å sjå bilde av sitt eget hus og skule.Her blei det individuelt arbeid før me hadde tenkt pga mykje venting på å søke opp både kart og adresser.

Tidsfordelinga blei litt anerledes enn tenkt,brukte meir tid på nettvett enn geografi,men det var kanskje like greit,viktig med nettvett og på gule sider var det så stor pågang at det blei alt for mykje venting,lite effektivt.Alt i alt så var det ein kjekk dag og elevane og praksislærarane var fornøyde,så då kan me vel ikkje klaga:)

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Nei, om både elevar og praksisrettleiar er nøgd, bør vel de vera det og? Tenke sjæl er viktig. Som lærarar må vi syta for at "filteret" i høve til god og trygg nettbruk sit i hovudet på elevane, og ikkje på skulemaskinane. Dei skal klara seg på eiga hand og seinare. Vonar de kjem til å ha meir i høve til bruken av digitale verktøy i neste praksisperiode?

Birgit :-)

Cecilie sin blogg sa...

Det hørtes ut som ein spennande dag, det er morro og sjå korleis elevane oppfattar opplegga vi lagar. Av og til har me ein heilt anna forventning, og resultata blir ansleis.

Sjølv om tida ikkje blei disponert heilt som dere hadde planlagt, virka det ikkkje som om det gjorde noko! Det virka som både dere og elevane lærte noko, (ikkje minst om nettvett) så da må det jo ha vert en vellykka økt:)

Kva syns du om sjølva gjennomføringa? Kunne dere gjort noko ansleis?