lørdag 26. januar 2008

26.01.08 Born og nye medier

Ja då har me vært i gjennom nokon spennande veker med ulike innfallsvinkler til born og data bruk.



Det er i hovedsak tre typer av data bruk hjå born(Imsen),nytte,kommunikasjon og underholdning.Å bruke data i skole sammenheng blir meir og meir aktuelt,no som også datakunnskap er blitt ein ferdighet etter LK 06.Det er utruleg mykje bra undervisnings materiell og gode nettsider til bruk i skulen.Bokforlaga har mykje aktuellt stoff for både ulike klassetrinn og ulike fag,her blir det viktig at lærerane veit å bruke dette også.

Når det kjem til kommunikasjon,er det jo vel å bra med alle chatte sidene der ungane kan prate med venner og kanskje få nye venner.Det er vel her det i hovudsak er mest "feller" å gå i.Eg må sei eg blei skremd over kor enkelt det er å komme i kontakt med uvedkommende som har skitne hensikter(forsøket til Ane i ped.timen)Utruleg ekkelt, å tenk då å sitte som uerfaren 13åring å få servert litt av kvart.Fysj!Ja det er viktig å lære ungene opp i nettvett,spesielt å holde personlege opplysninger for seg sjølv,våge å sei i frå til voksne når det er noko ubehageleg og ikkje minst at ikkje alle snakkar sant på nettet.Heilt enig i at det er jo i hovudet til borna det må lagast sperrer,dei må bruke hovudet å tenke sjølv.For å få "rett" nettbruk hjå borna må det vel komme litt smådrypp og egne erfaringar litt etter litt,men det er viktig å gi dei ein plattform med regler som gjeld databruken deira.
Data blir også mykje brukt til underholdning,meir hjå gutar enn jenter.Her kan timane gå fort når dei fyrst set i gang og den passive bruken av data er vel nettopp her.

Det har vært gøy å få prøvd seg på ulike program i desse vekene,alt frå animasjon,tegneserier og nå digital tekst.Dette er både utfordrane og gøy, når me får det til...

Mykje av dette me har lært i desse vekene er aktuelt til seinare bruk i skulen.Det kjem vel heilt ann på klassetrinn,utstyr på skulen osv.Eg for min del syns det å lage film var veldig spennande.Eg ser jo for meg at elevane hadde likt å lage nokre fine plakatar til klasserommet.Først og fremst er det jo viktig å lære elevane opp i nettvett og tekstbehandling.Det er utruleg mange muligheter med data i skulen og eg syns det er mange gode sider som er basert på dei enkelte faga,til dømes gyldendal,cappelen der ein kan velge både fag og klassetrinn og tilpasse etter behov.Ungane lære fort på data og dei gløymer det ikkje heller!Håper eg får muligheten til å lære elevar å lage både animasjon,powerpoint og film.

____________________________________________


Det er viktig å læra barn nettvett og med det tenkjer eg og på å læra barn om fusk og fanteri, kva som er lov og kva som ikkje er lov i den digitale verden. Her er det nok mykje å setje seg inn i. Menigmans inntrykk er jo nesten slik at "alt er lov på dataen", slik er det jo ikkje.




Barn begynner tidlegare og tidlegare med data, og det er viktig å få lært elevane tidleg om nettvett,slik at dei er utrusta og klar, og kan bruke vett når dei er på nett.
"Tenke sjæl " blir vesentlig, og det er det ikkje alle barn som gjer!

Samansett tekst var det veldig gøy å arbeide med, me brukte windows moviemaker som hjelpemiddel eller redskap. Me valgte boka "pappa politi" av Laura Trenter.Dette er ei krimbok for barn.
Ja eg ser nok for meg at dette er noko elevane kan arbeide med, enten som eit prosjekt, gruppearbeid og kanskje til og med som digital historiefortelling. Dersom ein skal bruke digital historiefortelling i stedet for stilskriving må ein nok litt opp i klassetrinna,men som dann og vann kan nok dei fleste klare det. Her kjem det nok ann på læraren også. Godt me kan dette då, slik at våre elevar kan få nytte godt av det. Variasjon i undervisninga dette og og datakunnskap skal jo elevane lære seg.

torsdag 24. januar 2008

22.01.08 Punktpraksis

Observasjon

Me brukte ein dag på skåredalen skole til å observera i forbindelse av punktpraksis av born og nye medier.Eg hadde nok sett for meg at me skulle få ein generell innføring i databruken på skulen,blant anna om korleis den digitale tavla virkar,kor mange datamaskinar som er tilgjengelege for klassane og kor mykje databruk det er i skulekvardagen på Skåredalen skole som verkeleg blir framstillt som IKTskule.Dette fekk me då ingen innføring i.
Derimot fekk me vera med klassen på datarommet,der dei fekk ei innføring i rekneark,som gjekk ut på å lage tabellar og diagram.Lærarane hadde eit opplegg på dette der elevane følgde punkt for punkt for å komme seg videre.Det var interessant å sjå korleis dette engasjerte elevane og kor flinke dei er til å prøve og feile.Me brukte to timar i kvar klasse på dette så det var vår observasjon.Ja så var me jo to timar i svømmehallen og.Fekk observert litt svømme ferdigheter:)


Planlegging

Me skulle ha tre timer databruk med klassen.Etter ønske frå praksislærer blei det ein time med nettvett og to timer geografi.I nettvettdelen ville me starta timen med sangen til Trond Viggo Torgersen,"Tenke sjæl".Det å tenke sjølv er jo ganske viktig når det gjeld nettvett.Deretter ville me prate med klassen om ordet nettvett,kva det betyr osv og komme litt inn på nettvettreglene til Redd barna.Elevene skulle også ta ein nettvett quiz som me fann på Saft sine nett sider.Me ville vise dei ein film om korleis eit lite tastetrykk kan ødelegge.Denne filmen fann me på Du bestemmer sine sider.
I geografi delen skulle me bruke Gule sider.Her var det i hovedsak kart og reiseruter me skulle gjennomgå.Me lagde litt oppgåver der elevane skulle finn ulike adresser,reiseruter og avstander.



Gjennomføring

Begynnte dagen med sang,det fallt veldig i smak!
Skreiv ordet nettvett på tavla og hadde ein open dialog med elevene om dette.Noko visste dei, noko var nytt og noko var sjølv opplevd.Elevane var engasjerte og ivrige etter å fortelje noko dei hadde høyrt eller sett i forbindelse med dette.
Når det kom til quizen sat elevane med kvar sin data,og til slutt gjekk me gjennom den i fellesskap.Her var det nok litt ulikt kva dei sat med igjen til slutt.For nokon var det bare å komme seg fort gjennom for å få prøvd seg på bonus spillet,så her måtte me korrigere elevene ein del.
Filmen såg dei eit par gonger for å få med seg budskapet,blei fyrst litt mykje lått og løye når dei såg guten i mora sin bh.Den gjorde inntrykk når dei fyrst såg alvoret i den.
På gule sider tok me elevane steg for steg i sammla tropp for å vise kor dei skulle trykke,skrive,
søke osv.Dei syntes det var kjekt å sjå bilde av sitt eget hus og skule.Her blei det individuelt arbeid før me hadde tenkt pga mykje venting på å søke opp både kart og adresser.

Tidsfordelinga blei litt anerledes enn tenkt,brukte meir tid på nettvett enn geografi,men det var kanskje like greit,viktig med nettvett og på gule sider var det så stor pågang at det blei alt for mykje venting,lite effektivt.Alt i alt så var det ein kjekk dag og elevane og praksislærarane var fornøyde,så då kan me vel ikkje klaga:)

fredag 14. desember 2007

15.12.07 Ja så var det jul!!



Ja nå sit eg her ein fredeleg desember morgon,på eit julepynta kjøkken, å reflektere litt over halvåret som er forbi.
Det har vært både spanande,interessant og ikkje minst utfordrande.Pedagogikken er nok vinnaren for min del,med mange spennande tema og me har verkeleg fått sett og høyrt korleis skulekvardagen er og alle dei oppgåvene ein lærar må forholde seg til.Fekk jo prøvd oss med det i praksisen.Matte som aldri har" vært "for meg,begynne faktisk å bli litt kjekt i og med det er litt anna vinkling og mykje på korleis me skal lære frå oss og å forstå korleis elevane møter tall og matematikk i skulen.Så var det data då.Jo eg begynne jo å bli fortroleg med både fronter og word etter kvart,men det er dette som har vært til mest hodebry dette halvåret.

Eg er veldig glad for at eg begynnte på studiet i høst og me har hatt veldig mykje variasjon i undervisninga og oppgåvene,flinke,hjelpsomme og kjekke lærerar og ikkje minst supre medstudentar:)
Kjenne nå at tida er inne for avkobling frå skule og tilkobling til juleforbredelser.Som "gammal"husmor er eg laaangt på etterskudd både med takvask og kakebaking i forhold til tidlegare år,men det blir nok jul alikevel!
Eg vil ønska alle ei koseleg og fredfull julefeiring og alt godt i det nye året.


mandag 10. desember 2007

11.12.07 Animasjon og collage


Ja den datalabben er jo utfordrande!
Jo det var ei kjekk økt me hadde,både lage film og plakat.Plakaten forsvann visst for godt og filmen skal vera her ein plass ,men eg har ikkje sett den siden.Eg merke at eg slite med dei data kunnskapene,"som alle kan",kva tid det er dobbel klitt,høyre klikk ,legg ned osb. Eg har lett for å bli hengande etter når eg skal holde følge med dei andre.Ja ja eg gir ikkje opp,eg må bare bli flinkare til å prøve meg fram.Kjekt med variasjon i undervisninga,men eg like meg godt i klasserommet og eg:)
Ja animasjonen kjem snart den...
Heidi



___________________________________________________


Ja her er eit par av dei plakatane eg har jobba med, men det blei nok ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg men..
Først må eg læra meg dette skikkelig før det er aktuelt å bruka det i skulen. Animasjon kan ein jo bruka som ein slags fortellarmåte, dette med bilete kan ein jo bruke i kunst og håndtverk f.eks som eit alternativ til teikning.Data er på god vei inn i skulen og er kommt for å bli. Med mange kjekke dataprogram ein kan nytta seg av er det vel bare fantasien som set ein stoppar for kva det kan brukast til,eg vil iallefall håpa eg får prøvd ut litt av kvart i data, det er mange ungar som like å vera kreative på datamaskinen og så tar dei det så lett!

torsdag 8. november 2007

08.11.07 Den forsvunne diamanten?


Hadde ei veldig bra pedagogikk økt på mandag med Åshild,der alt var relatert til undervisning og praksisen vår.Desse ti tesene for god undervisning er greit å ta med seg videre ,men det spørs vel kor mange av dei me tilfredstiller no i begynnelsen av praksisen,men etter kvart så....

Me fekk ein grundig gjennomgang av dei ulike elementa i diamanten,ganske mykje å tenke på.
Alle elementa er likeverdige og nært knytta til kvarandre.Diamanten er ein didaktisk relasjonsmodell og blir brukt som eit hjelpemiddel til å planlegge og reflektere over undervisninga."Denne modellen viser hvor sammensatt og mangfoldig didaktisk virksomhet er fordi så mange forhold griper inn i kvarandre"(Lyngsnes/Rismark)Ja det eine drar det andre med seg liksom! Og jo meir tilpassa undervisninga skal vera jo vanskelegare blir det.

Det var veldig greit å få jobbe litt med dette skjemaet på slutten av økta,for det var ikkje bare bare når alt skulle tenkast på!
Skjemaet er jo eit veldig bra hjelpemiddel for oss no når me skal planlegge undervisning.
Har fått inntrykk av at dette ikkje blir brukt av "erfarne"lærerar,men eg tenkjer at dei har den kanskje liggande i hovudet,for elementa i diamanten må ein jo ta hensyn til i undervisninga enten ein fyller ut eit konkret skjema eller ikkje?!
Tenkte eg skulle jakte litt på den forsvunne diamanten framover:)
Kva gjer lærarane dersom dei ikkje benyttar seg av nokon form for skjema?
Ja ja det er så mangt å undrast over...
Ønsker alle lukke til i praksis:)
Heidi


____________________________________________





Det er veldig viktig med god planlegging av undervisninga. Det er jo tross alt grunnlaget for kva og korleis elevane skal læra. Det er her ein må vera bevisst sine valg i forhold til ulike metodar og vårt eige pedagogiske grunnsyn kjem til syne. Det er mykje å tenkje på og tilrettelegge i forhold til planlegginga, det er her ein må tilpasse sterke, svake elevar og andre ulike behov som må takast hensyn til. Det seier seg sjølv at det krev god planlegging for å få god læring hjå elevane. Ein må tenkje over kva elevane skal lære, korleis dei skal lære det og kvifor dei skal lære det.


Eg trur nok det er mange lærarar som brukar diamantskjema, men det brukar det kanskje ikkje i kvar minste økt, men meir i bolkar over emner som går over fleire økter. Eg veit og at det blir brukt eit slaks forenkla skjema som seier noko om kva,korleis og kvifor. Alle lærarar brukar vel eit slaks skjema når dei planlegg undervisninga, men eg tru fortsatt at nokre har det liggande i hovudet på ein måte og ikkje er så flinke til å fylle ut eit konkret skjema.
Eg har jo høyrt frå lærarar at "slike skjema brukar me ikkje etter at me er ferdige på lærarskulen" Hmmm

tirsdag 30. oktober 2007

30.10.07 Oppsumerande læringsteori

Idag fekk me sjå dei to siste innslaga om læringsteori,kjempe bra det og!
Det var så bra å få laga det tankekartet om dei ulike teoriane.Og endå bedre var birgit si oppsumering,supert.Eg lurer litt på for min del om innlæringa mi hadde blitt meir effektiv om me hadde fått ei innføring i dette først for så å gå djupare inn i stoffet i lag med gruppa.Det blei så mykje lesing og forvirring uten at eg klarte å sortere og å plassere dei ulike personane og teoriane i forhold til kvarandre.Eg skal prøve å notere meir neste gang,kanskje tankekart, med både lesing og notering blir det dobbelt så effektivt som å bare lesa,for min del.I gruppa vår blei me også enige om å utveksle notater neste gang me skal dele på lesinga og ha god studieteknikk.
Den nye oppgåva er me i gang med.Så får me sjå korleis me klare å løysa den og ikkje minst bli enige om slutt resultatet.Inspirerande i siste matte time i dag når kvar gruppe la fram sine idear om korleis dei hadde planlagt med tanke på praksis,sjølv om dei fleste bare var på kontekst stadiet.
Så var me på datalabben i dag!Kjekt å sjå alt som kan gjerast på dataen.Eg blir like imponert og overraska kvar gong,og får samme panikken med tanke på at eg skal gjera det sjølv ein gong...
Det går seg jo til(senk skuldrene og ta eit steg om gongen,Birgit sine ord.)Dette er absolutt mi oppskrift når det gjeld denne maskinen.
Å vera på datalabben samanliknar eg med å gå tur i myrlent terreng,for kvart steg havnar ein litt lenger etter! Nei da, nå skal eg ikkje vera pessimist!! Eg skal klara å få fint bilete og innholdsliste på oppgåva mi,så det så.

tirsdag 23. oktober 2007

23.10.07 Læringsteoriar

"Eit steg hit og eit steg dit,så russlar vi saman på skuleveg"
Det er vel slik eg har opplevt denne prosessen om læringsteoriar.
Desse to vekene har vært krevande med mykje lesing og lettare kaotisk med mykje fram og tilbake i forhold til framførelsen, heilt til brikkene fallt på plass.Det var gøy og inspirerande å arbeida i grupper.Me samarbeider godt i gruppa vår og hadde utruleg mykje "lått og løye",
spesielt under filminnspillinga,til fotografens store fortvilelse!!Me håper på fleire slike samarbeids prosjekt.
Det var ei kjekk og veldig lærerik økt me hadde på mandag.Kjekt å sjå kor ulikt gruppene hadde tatt fatt på oppgåva.Veldig lærerikt siden det var så ulike framførelsar.Nokon konsentrerte seg om ein teori og gjekk litt djupare i den,andre samanlikna to teoriar og nokon hadde tatt fleire og fekk vist dei største forskjellane på dei.Ekstra lærerikt blei det for min del når me såg dei ulike teoriane i praksis,dramatiseringane.
Det var kjempekjekt å sjå dei andre gruppene i aksjon,men når vår tur kom var eg klam i hendene og sommarfuglane flaksa,men det gjekk jo bra:)Eg klarte jo sjølvsagt ikkje å lausriva meg frå tekst arket,irriterande,men kanskje neste gong?!
Konklusjonen min så langt er at ingen av teoriane aleine er den rette eller gale.Det er mykje bra i alle,og det er vel med bakgrunn i dei fleste teoriane at ein dannar seg sitt eige pedagogiske grunnsyn,trur eg...

"Eit klapp på skulderen ligg berre nokre ryggvirvlar frå eit spark i baken,men gir likevel bedre resultat!"(Bennet Cerf)