tirsdag 11. september 2007

11.09.07 Observasjon

Ja no nærmer tida seg for fyrste møte med skulekvardagen.
Observasjons praksisen gir oss nok eit hav av inntrykk å fordøye.
Det blir nok viktig å bruke alle sansane våre,sjølv om augene er dei me bruker mest,for å klare å observere elevar,lærerar og samspelet mellom dei.Kva består ein skulesituasjon av?


Det kjem nok til å verta ein del feiltolkingar også i og med at me dannar oss eit fyrste inntrykk i løpet av 10 sekunder i møte med nye mennesker og i nye situasjonar.
Observasjonsrolla står sentralt i læraren sin kvardag.Det er viktig med observasjon heile tida i skulen for å få auka forståing og få informasjon om det som foregår i elevgruppa til ei kvar tid.
Lærarane burde absolutt hatt auger i nakken!
Det sosiale mønsteret i ei elevgruppe utvikles fra fyrste dag og det kan vera vanskelig å snu retningen seinare dersom gruppa er på feil spor.Å vera ein god observatør kan bidra til å gripe fatt i konflikter og dårleg klassemiljø på eit tidleg stadie.Utruleg interessant å lese om undervisning,læring og ledelse(kap5,Ogden)Her er det mange gode tips å ta med seg videre.Til dømes;Overblikk og effektivt tilsyn.At læraren gjennom sin adferd formidlar at han/ho veit kva som foregår i klassen til ei kvar tid,og reagerer fort på uønska adferd.Dette gir signaler til elevane,elevane observerer, at læraren har "auger i nakken"og som igjen resulterer i at elevane ikkje trur det nytter å setje læraren på prøve.Dei vil vel prøve seg uansett,men det kan vera greit å ha i bakhovudet.
Det er veldig mange ulike observasjonsmetoder for å klare å kartleggja til dømes enkelte elevar eller særskilte situasjonar eller fag.

Me skal skrive loggbok.Det kan nok vera greit å få notert ned inntrykka etter kvart som dei kjem.Loggbok blir nok ein nyttig erfaring som me kan dra nytte av seinare i lærer yrket. Høyres heilt supert ut å ha loggbok for elevane,bare mellom lærar og kvar enkelt elev.Det må jo vera eit godt redskap for å klare å skape ein open og ærleg dialog mellom elev og lærer.Då kan jo eleven fortelje korleis han/ho opplev skulekvardagen på godt og vondt,og det utan å bli stempla som sladrehank.

Oppgåva me fekk på skulen om observasjon ,viste meg at observasjon ikkje er lett.Har vel lett for å tolke å leggje meir i det en bare sjølve observasjonen.Øvelse gjer meister!


Eg gler meg til observasjons praksisen.Til å sjå korleis "gruppa"fungerer.Klassemiljøet,forholdet mellom elevar og lærar,arbeidsmetodar,eventuelle klassereglar,korleis elevane er plasserte i klasserommet,korleis dagen er delt i arbeidsøkter og mykje,mykje meir.Dette blir spanande og forhåpentligvis lærerikt!!
Det blir nok ei intens veke for både sinn og skinn,mange tankar og bevisst kroppsspråk.....

torsdag 6. september 2007

05.09.07 Læraren sine mange oppgåver.

Nå har eg fått reflektert over læraren sine oppgåver,det blei mange tankar på ein gong.Eg skal prøve å sortere tankane litt.
Pedagogikk økta i dag byrja med eit flott bilete av ein balanseturnar på ei lina.

Det er nok ein enorm balanse kunst å vera lærar.Ein kjem nok til å miste balansen i tid å utid og til og med ramle ned frå lina mange gonger.Då gjeld det å bruke kollegaer og det støtteapparatet ein lærar har til å få hjelp og rettleiing.



Etter kvart som pedagogikk timane ruslar av garde ser ein kor utruleg mange og ulike oppgåver og utfordringar ein lærar har.
Alt frå dei høgaste administrative verv,plan og undervisnings arbeid og ikkje minst omsorg og sosial arbeidar.
Det er vel fyrst og fremst undervisning ein tenkjer når ein høyrer ordet lærar.

I LK06 vektlegg ein læraren som ein tydeleg rettleiar og ein lærar som er til stades.I motsetning til L97 der læraren meir skulle fungere som" ei svevande ånd"
Det å planleggja ein skuledag,kjem som eit resultat av grundig og tidkrevande forarbeid.
Først må ein settje seg inn i LK06,kunnskapsløftet,i dei ulike fag og klassetrinn.Kva skal lærast og kva er kompetansemåla.Deretter må ein sjå på skulen sine læreplanar,nokon tilpassningar i høve til dette.Den viktigaste planleggjings fasen er nok når ein lagar årsplan for det aktuelle fag og klassetrinn.Her ligg pensumet ein skal vera gjennom i løpet av året.Her er det rom for både tverrfagleg og ulike klassetrinn å samarbeida.Til slutt er det vekeplan,som ei informasjons kjelde til elev og heim om kva lekser,fag og tema ein held på med.I tillegg skal all undervisning tilpassast den enkelte elev.Noko som er både tidkrevande og vanskeleg,men veldig viktig.
For å kunne leggja best til rette for den enkelte elev må ein kjenne elevane.

Noko av det viktigaste med lærar rolla er nettopp det å sjå kvar einskild elev.Kva behov og kva
læremetode som gir best resultat for den einskilde.
For å kunne forstå og å lære eleven å kjenne må ein ha ein god kommunikasjon.

Den gode kommunikasjon gjeld også mellom heim og lærar.Læraren er heimen sin forlengande arm når det gjeld den sosiale oppdraginga.Korleis eleven oppfører seg i grupper,respekten for andre,handtering av ulike konfliktar,grensesettjing o.s.b.Her må læraren vera vaken å gripe fatt i problema med ein gong.Ein lærar må aldri lukke augo for ubehageligheter,heller ikkje blunke ein gong!Det kan og vera problem i heimen som læraren må vera oppmerksam på.Elevar som endrar adferd kan vel vera eit av dei fyrste symptoma på at det er eit problem enten på skulen eller i heimen.Då har læraren ei plikt til å få dette løyst,og heldigvis får ein seie er det eit bredt spekter av "hjelperar" alt etter kva problem som dukkar opp.

Den heilskaplege yrkes kompetansen for ein lærar,beståande av dei fem kompetanse områdene,dannar ei flott ramme rundt det å vera lærar.Bilete er sjølve læraren,ingen bilete blir like,nokon er fargerike og andre litt gråare,o.s.b.
Eg føler meg priviligert som har fått "kallet"om å verta lærar.

Det var spanande å lesa det som Inge Eidsvåg har skrevet.Han verkar som ein klok mann som er veldig i tida.Dei "10 bud" er nok vesentlege levereglar og gir god veiledning til oss som skal fungera som lærerar.Det at han brukar så sterke ord og uttrykk,"kallet" og dei 10 bud",gjer lesinga meir spanande.


GOOGLING!

Eg er veldig fersk i denne" data verden"(eg kunne lese VG på nettet frå før og var i grunnen litt kry av det!) Nå har eg fått utruleg god innføring i IKT.Dette med å google og spesifisere søk var veldig nyttig.Eg har notert ned mange gode tips til eigen bruk,og ikkje minst i praksis og seinare i yrket som lærar.
Google earth var jo heilt fantastisk,på ein datamaskin og med nokre tastetrykk,fasinerande!
Det skal seiast at eg var litt stolt av å liksom kunne vise resten av familien noko nytt,(dei har ikkje den stora trua på mor på data,men det har vel sin grunn!)Trur de at eg fekk det til,neeei
sjølvsagt ikkje,men eg jobbar med saka:)
Eg kan i allefall lova at eg aldri meir skal senda eit vedlegg utan tittel og kommentar.
Det er faktisk ganske gøy med data,og for eit hjelpemiddel!

____________________________________________

Det er utruleg mange oppgåver læraren står overfor og ikkje bare med elevar og undervisning. Det gjeld foreldre og organisering og ledelsen.

Ein ting som forundrar meg er når ein høyrer om foreldre som tar opp promlem med læraren,som mobbing ,sosiale og tilpassingsvanskar. Er det ikkje då læraren sin plikt å ta tak i dette og eventuelt kontakte andre med meir kompetanse på området, for å hjelpe eleven. Ein høyrer jo stadig om tilfeller der foreldra sjølv må inn å søkje hjelp, for eksempel at dei må ta kontakt med ppt for at elevane skal få hjelp i skulen. Blir dette eit vurderings spørsmål hjå læraraen? Uansett om det er tvil om eleven treng noko ekstra bør vel tvilen komme eleven til gode? Går det på arbeidsmengde og tid hjå læraren?. Er læraren trangsynt og vil helst unngå problem og innblanding frå andre eller? Eg bare undre litt!?

torsdag 30. august 2007

30.08.07 Kroppen

Dette var ein lærerik film,kjekt å sjå og ikkje bare lesa oss til kunnskap.
Det var interessant å høyre om dette med avstanden me treng rundt vår eigen kropp.Dei fire sonene me kan dele avstanden inn i,alt etter kva forhold me har til andre mennesker.Den offentlige sona,som gjeld for større grupper me omgås(3,6m).Sosial sone,for dei me omgås men ikkje kjenner(1,2m)Personlig sone,gjeld for bekjente(46cm),og den intime sone for dei me omgås ofte,kjenner godt og er trygge på(15cm).
Interessant at kroppen reagerer fysiskt når nokon tråkkar over desse sonene.Me veit jo at kjem ein framand for nært inn på oss,blir me kanskje svette i hendene, raude i ansikte og hjarta slår litt fortare.Eller me kan få hakaslepp og bli mo i knærna,alt etter som!!
Gøy å setja adferd,kroppsspråk og oppførselen vår inn i litt system,skjøna kvifor me gjer som me gjer.

Kroppsspråk.
Når det gjeld kroppsspråk var det gøy å sjå korleis spesielle kroppsspråk er utbredt i spesielle miljø eller grupper.Her blei rapperane nemt.Skodespelarar er jo veldig bevisste på dette med kroppsspråk når dei skal karakterisera ein sinnstilstand eller ein kjend person.
Utruleg at nokon har "status" nok til å gjere tegn eller bevegelsar så utbredt,positive eller negative, som Hitler og Churchild,nesten litt skremmande.

Miming.
Miming er gøy!!
Dette har eg fått bryna meg på mang ein gong,med tre ungar som elsker familiespillet "Fantasi"(eit spel med mykkje miming)
Det var ikkje lett å mima "ein fotballspillar med ballangst",men det var moro.
Kjekt med alternativ undervisning.Det er noko me må ta med oss når me blir lærerar ein gong.
Trur nok det fenge elevane dersom me varierer undervisninga,fagstoffet blir meir spanande med blandt anna miming.
Supert med litt leik i timane for oss vaksne og:)
Eg gler meg til vidare leik og læring!

tirsdag 28. august 2007

28.08.07 Kommunikasjon

"Eit varmt smil er vennlighetens verdensspråk"W,Arthur Ward.

Det at kroppsspråket utgjer 70% av språket har eg aldri tenkt på,men absolutt noko å tenkje over! Ein må nok vera ganske bevisst på sitt eige kroppsspråk spesielt når ein har med barn og i skulesammenheng å gjera.Barn reagerer intuitivt på kroppsspråk.
Skal ein klara å ha ein god kommunikasjon i ein klasse må jo læraren vera positivt engasjert,gi uttrykk for at eleven blir høyrt,og at eleven blir tatt på alvor.Det å gi dei trygghet til å våga å snakka,bruka eit språk som elevane forstår.Viktig å komme på bølgjelengde med elevane,at den informasjonen me gir blir oppfatta slik me ynskjer.
Dette er vesentlege punkt som bidrar til å oppnå god kommunikasjon i ein klasse,trur eg...
Eg gler meg til å sjå kva slags kommunikasjon praksislæraren vår har med sine elevar.Og ikkje minst om me klarer å kommunisera med dei!!

Gruppedynamikk

Korleis gruppa fungerer.
I artikkelen om gruppedynamikk(anbefalt fordjupningsstoff) kan ein dra klare paralellar mellom ei gruppe og ein klasse.
Elevane ynskjer ulike roller i klassen.Nokon er blyge og vil helst vera tilskoderar,nokon vil bli sett og nokon vil ta kommandoen.
Dersom ikkje alle finn sine roller kan det lett oppstå konfliktar.Det at to kjempar om samme rolle kan bli problematisk og føre til utone mellom dei,som igjen går utover resten av klassen.
Ein elevs ledar rolle kan ha stor innverknad på klassemiljøet.Eleven er gjerne ikkje klar over at han/ho er ledaren.Dersom ledaren er ein person som har ei positiv haldning til skulearbeid,er engasjert i timane,snill mot dei andre,o.s.b kan dette "dra" heile klassen i ei positiv retning for klassemiljøet.Og motsatt dersom ledaren er veldig negativ.Dei fleste klassane har ein ledar av eit eller anna slag,forutan læraren.
Eit tips: Det er nok lurt å settje seg sammen med klassen å lage klasse reglar.Reglar der ein
blir samde omkorleis alle vil ha det i klasserommet,til dømes;bruka inne stemme,
arbeidsro,
vera snill mot andre.
Dette er utrulig spanande,glede meg til å læra meir:)

lørdag 25. august 2007

25.08.07 Ein lærar eg hugsar.

FRØKEN

Eg hugsar ho så godt.
Det var min aller fyrste skuledag.
Tannlaus og full av forventning stod eg fint oppstilt i jenterekkja.
Eg hadde pynta meg med musafletter og ein ny flott,raud skulesekk.Sommarfuglane flaksa i magen då ho kom ut.
"Hei, eg heiter Marit,men de kan kalla meg frøken.
Slik blei det.Me hadde frøken i fire år.
Ho var som ei bestemor.Tryggheita sjølv,smilande og blid,flink(kunne alt),rettferdig, hjelpsam,og alltid til stades når me trong ho.Ho tok godt vare på oss,"gullungane mine" kalla ho oss.
Dei store brillene skauv ho på plass med peikefingeren og ho lukta reint.
Strikketøyet låg på katateret om ho skulle få ei ledig stund.
Dersom nokon uroa i timen vart det kryss på tavla, tre kryss og det blei lapp med heim.
Song stod hennar hjarta nært,så me avslutta dagen med"No livnar det i lunnar" og "Fager kveldsol smiler". Eg får endå gode assosisasjonar til dei songane.
Det var nok personlegheita hennar og det gode mennesket som gjer at eg hugsar ho så godt.
Ho gav meg ein trygg og god start på ein viktig epoke i livet.

25.08.07 Matte!!

Eg følte meg som ein idiot på matte testen.
15 år sidan matte på gymnaset.
Eg burde vel brukt sommaren på gamle grammatikk bøker ,men...
Det går seg vel til etter kvart.
Det er lenge til eksamen!

fredag 24. august 2007

24.08.07 Refleksjon

Idag har eg sete i solveggen å "kost" meg med 1.kap.av elevens verden.
Nå er eg for alvor i gang som student,kjekt og.
Ja her var det mykje til ettertanke.
Til dømes det at skulen skal vera "heimens forlengjande arm".Noko som er ganske omfattande når ein tenkjer på alle dei ulike verdiar,livssyn og normer dei ulike familiane har.Pluralisme,mangfoldet i normer og verdiar, var eit nytt og "flott" ord.
Samtidig som skuledagen blir lengre og lengre for eleven er det jo viktig at skulen tar del i oppdragelsen.Den sosiale oppdragelsen tar form over tid, i ulike samanhengar og i ulike samansettningar.Då seier det seg sjølv at skulen blir ein sentral del av denne oppdragelsen og læraren blir den som må korigere elevens feilsteg.
Ja det ligg mykje ansvar og mange utfordringar i det å vera lærar.