tirsdag 23. oktober 2007

23.10.07 Læringsteoriar

"Eit steg hit og eit steg dit,så russlar vi saman på skuleveg"
Det er vel slik eg har opplevt denne prosessen om læringsteoriar.
Desse to vekene har vært krevande med mykje lesing og lettare kaotisk med mykje fram og tilbake i forhold til framførelsen, heilt til brikkene fallt på plass.Det var gøy og inspirerande å arbeida i grupper.Me samarbeider godt i gruppa vår og hadde utruleg mykje "lått og løye",
spesielt under filminnspillinga,til fotografens store fortvilelse!!Me håper på fleire slike samarbeids prosjekt.
Det var ei kjekk og veldig lærerik økt me hadde på mandag.Kjekt å sjå kor ulikt gruppene hadde tatt fatt på oppgåva.Veldig lærerikt siden det var så ulike framførelsar.Nokon konsentrerte seg om ein teori og gjekk litt djupare i den,andre samanlikna to teoriar og nokon hadde tatt fleire og fekk vist dei største forskjellane på dei.Ekstra lærerikt blei det for min del når me såg dei ulike teoriane i praksis,dramatiseringane.
Det var kjempekjekt å sjå dei andre gruppene i aksjon,men når vår tur kom var eg klam i hendene og sommarfuglane flaksa,men det gjekk jo bra:)Eg klarte jo sjølvsagt ikkje å lausriva meg frå tekst arket,irriterande,men kanskje neste gong?!
Konklusjonen min så langt er at ingen av teoriane aleine er den rette eller gale.Det er mykje bra i alle,og det er vel med bakgrunn i dei fleste teoriane at ein dannar seg sitt eige pedagogiske grunnsyn,trur eg...

"Eit klapp på skulderen ligg berre nokre ryggvirvlar frå eit spark i baken,men gir likevel bedre resultat!"(Bennet Cerf)

onsdag 17. oktober 2007

17.10.07 Blanda drops


Læringsteoriane har virka som ein pose blanda drops,ein veit ikkje heilt kva drops ein vil ta..Nå etter godt og vel ei veke med lesing,prøvesmaking,er teoretikarane og deira teoriar eit klarare bilete og eg har danna meg eit inntrykk av kva dropsar eg vel fyrst!
Ja dette har vore ei lærerik og ganske slitsom veke.Me har hatt eit godt samarbeid i gruppa.
Me bestemte oss kjapt for kva me ville ta utgangspunkt i,men så blei det ein del fram og tilbake og like langt.Så nå er me tilbake til utgangspunktet!!Men med ein del erfaringar rikare.
Nå kan det sjå ut som det nærmar seg sluttfasen for oss og.
Det har vore gøy å jobba i grupper.
Når det gjeld desse ulike teoretikarane så hadde eg trudd det var klarare skiller,men det er jo ein del som fletter seg i kvarandre,videreføring og videre utvikling osv.
Det er jammen ikkje så lett å danne seg eit pedagogisk grunnsyn,det er vel noko som kjem litt etter litt og det er vel i stadig i utvikling etter kvart som me utvikle oss som lærarar,trur eg..
Dette har vært lærerikt.Off eg grue meg litt til mandag.
Heidi

mandag 8. oktober 2007

8.10.o7 Pedagogisk grunnsyn

I dag blei det bare ei lita pedagogikk økt,men det blei nokre timar med arbeid i praksisgruppa.
No er det læringsteoriane me skal få eit innblikk i.Me har laga oss ein arbeids og møteplan for dei neste to vekene,og me har delt dei fire læringsteoriane mellom oss.Akkurat nå føles dei litt flytande,men med litt lesing håpe eg det blir litt klarare grenser .Det blir kjekt å bruke dei neste vekene på gruppearbeid,det er vel med oss studentar også at variert undervisning gir bedre læring!!Så får me håpe at slutt resultatet også blir bra.
Me skal etter kvart også få ei "gryande"forståing av vårt eige pedagogiske grunnsyn,korleis me synes born lærer best,korleis motivera dei,korleis undervisa på best mulig måte o.s.b Det blir interressant å diskutere dette i gruppa,om me har dei samme grunnsyn eller?!
Då er det bare å hive seg over bøkene,sjølv om det er fint ver og haustferie for nokon:)

onsdag 3. oktober 2007

03.10.07 Klasseleiar

Me hadde ein kjempe flott start på ped.økta i dag,med håndhelsing og lys på pultane(synd ikkje musikken verka men me fekk jo høyra den etter kvart)Eg blir i godt humør av slikt sjølv om det var måndag morgon!Dette er vert å ta med seg videre,det å skape ein koseleg stemning.



Det var kjekt å høyre om dei ulike arbeidsmetodane.Eg hadde høyrt om dei fleste,ikkje storyline,men det var nokre av dei som var ganske like.Eg har vært borti nokon ulike arbeidsmetodar i skulen men nå fekk dei plutseleg navn!!Det er vel viktig at undervisninga blir variert,slik at alle kan finne sin plass og få eit meiningsfyllt tilbud både fagleg og sosialt.

Undervisning og lærarleiing er veldig fasinerande,det at nokon klarer det så bra og andre sliter med klasse etter klasse.Det er mange faktorar som spelar inn for å lukkast.
Formålet med undervisning og lærarleiing er å skape eit læringsmiljø der elevane kan utnytte sine læringsmuligheiter optimalt.Det er mange pedagogiske "triks"for å skape eit godt læringsmiljø.Det kan til dømes vera lurt av læraren å ta elevane med på å lage klassereglar.Då har elevane noko å forhalde seg til og dei bør også vera klar over konsekvensane for regelbrudd.Her må læraren alltid vera konsekvent.Læraren må vera ein tydeleg vaksen for elevane.Sette klare grenser og vera bevisst sine haldningar og veremåte.Det å kunne håndtera ulike problem og ulike situasjonar til ulike tider byr nok på utfordringar,men er veldig viktig.
Ein klasseleiar må tidleg skape gode relasjonar i klassen,for ikkje å havne på heilt feil spor.

Læraren må kunne kommunisere på ein positiv og forståeleg måte.Gode relasjonar utvikles gjennom gjensidig respekt og tillit mellom lærar og elevar men også mellom elevane.Læraren må sjå elevane til ei kvar tid og kunne bruke det gode i kvar elev.Gi dei trygghet og omsorg til å våge å vera seg sjølv.Dei må også gripe fatt i problemer,og det helst før dei oppstår.Samstundes
må læraren kreve at elevane oppfører seg og følger skulen og klassen sine"levereglar"




Å ha omsorg for elevane vil seia å respektera dei,kunne sette seg inn i deira situasjonar.Det er viktig å møte elevane som mennesker for å oppnå god kontakt,ikkje ovenfrå og ned.
Effektiv leiing er avhengig av at læraren meistrar denne vanskelege balansen mellom å vise omsorg og sette grenser,mellom å stimulera og stille krav,mellom å strukturera og gi frihet.
Ein god leiar må ha autoritet utan å vera autoritær altså må eleven ha respekt men ikkje vera redd for læraren.Ja her er det mykje å tenke over,å alt høyrer så enkelt og flott ut men kva med den dagen me står der med alle problema og skal få teorien ut i praksis?Me skal nok få bryna oss på litt av kvart:)Ps:Hugs å be om hjelp i tide!!!

At nokon blir mobba i dagens samfunn er heilt forferdeleg.Tenk å ha det på seg som lærar at ein ikkje tok tak i problema,off nei takk! Eg plar seie ;vel og bra at ungane klare seg fagleg godt på skulen,men så viktig det er med den sosiale delen.Nokon får jo øydelagt heile livet p.g.a mobbing i skulen.
Eg las litt i " Håndbok i klasseledelse" frå Kopperud skule,vert å få med seg.Den boka blir nok brukt etter kvart!

tirsdag 2. oktober 2007

02.10.07 Observasjons praksis

Etter ei veke med observasjons praksis er det mange inntrykk å svelge.Dersom forskning viser at "fine,nye"skular gir bedre læring hjå elevane blir det mange flinke på skåredalen!Det var ein flott ,moderne skule med lyse,delikate fargar og mange vindauga som ga godt dagslys.Utearealet var stort og "fint" laga. Det var mange ulike aktiviteter å ta seg til,noko for ein kvar vil eg tru.I tillegg til den "ferdig laga" skuleplassen var det eit stort friareal dei kunne boltre seg på.

Eg synes tida i klasserommet var spanande å observere.Korleis læraren underviste og la opp timane,korleis ho takkla ulike situasjonar,korleis ho plasserte elevane,morgonritualer,"straff" av uromomenta,arbeidsmetodar som fungerte bra og nokon som var mindre effektive.Korleis elevane oppførte seg,mot kvarandre og mot læraren.Korleis dei arbeida i timane,variasjonen i innsats etter tema og metode.
Det er mykje å tenke over etter bare ei veke,og mange "moment"det blir spanande å lære meir om,f.e.k lærarledelse og tilpassa opplæring.Det verkar som ein utruleg krevande jobb å vera lærar,mykje planlegging og krevande timar i klasserommet,med alt som skjer der!!

Det var " fort gjort"å observere det spesielle sjølv om det var det generelle me skulle observere.
Eg må jo seie at eg er glad for å ha litt erfaring frå skulen,som vikar og assistent,frå før.Eg synes kanskje det er litt lite prakais i løpet av desse åra,men..Når ein tenkjer på andre yrker,f.e.k snekker,der det er veldig lang læretid.Eit viktig yrke det,for all del,men som lærar har ein eit enormt ansvar for andre mennesker.Elevane er som "voks klumpar"(sitat Birgit) og me skal oppdra,veilede,påvirke og forme dei pedagogisk rett.Det er jo ute i felten at ein ser teorien i praksis også for lærarane!
Ja ja eg hadde eit positivt møte med både elevane og lærarane på skåredalen skule.Dette var gøy og eg gler meg til neste praksis periode der me skal delta endå meir:)

_________________________________________________________

Seminardagen me hadde onsdagen i observasjonsveka synnes eg var veldig matnyttig og interessan. Veldig bra å bli plassert i grupper på tvers av vår egen praksisskule og praksisgruppe. Her måtte alle bidra med sin erfaringar og det var kjekt å høyra kva dei andre hadde opplevd. Eg synes det var lurt å plasera seminaret midt i observasjonspraksisen for då var me så oppi det og fekk tips og idear til andre ting me kunne observera.

Eg hugsar spesielt godt at gruppa vår var veldig engasjert i korleis elevane var plasserte i klasserommet. Dette har eg fått meir forståelsen av nå når me kjenner klassen bedre og ser korleis nokon treng å sitje aleina, andre som helst ikkje må ha blikk kontakt med andre elevar osv. Det er ein heil jobb å få plassert elevane best mulig for både elevane sjølv og læraren.

tirsdag 11. september 2007

11.09.07 Observasjon

Ja no nærmer tida seg for fyrste møte med skulekvardagen.
Observasjons praksisen gir oss nok eit hav av inntrykk å fordøye.
Det blir nok viktig å bruke alle sansane våre,sjølv om augene er dei me bruker mest,for å klare å observere elevar,lærerar og samspelet mellom dei.Kva består ein skulesituasjon av?


Det kjem nok til å verta ein del feiltolkingar også i og med at me dannar oss eit fyrste inntrykk i løpet av 10 sekunder i møte med nye mennesker og i nye situasjonar.
Observasjonsrolla står sentralt i læraren sin kvardag.Det er viktig med observasjon heile tida i skulen for å få auka forståing og få informasjon om det som foregår i elevgruppa til ei kvar tid.
Lærarane burde absolutt hatt auger i nakken!
Det sosiale mønsteret i ei elevgruppe utvikles fra fyrste dag og det kan vera vanskelig å snu retningen seinare dersom gruppa er på feil spor.Å vera ein god observatør kan bidra til å gripe fatt i konflikter og dårleg klassemiljø på eit tidleg stadie.Utruleg interessant å lese om undervisning,læring og ledelse(kap5,Ogden)Her er det mange gode tips å ta med seg videre.Til dømes;Overblikk og effektivt tilsyn.At læraren gjennom sin adferd formidlar at han/ho veit kva som foregår i klassen til ei kvar tid,og reagerer fort på uønska adferd.Dette gir signaler til elevane,elevane observerer, at læraren har "auger i nakken"og som igjen resulterer i at elevane ikkje trur det nytter å setje læraren på prøve.Dei vil vel prøve seg uansett,men det kan vera greit å ha i bakhovudet.
Det er veldig mange ulike observasjonsmetoder for å klare å kartleggja til dømes enkelte elevar eller særskilte situasjonar eller fag.

Me skal skrive loggbok.Det kan nok vera greit å få notert ned inntrykka etter kvart som dei kjem.Loggbok blir nok ein nyttig erfaring som me kan dra nytte av seinare i lærer yrket. Høyres heilt supert ut å ha loggbok for elevane,bare mellom lærar og kvar enkelt elev.Det må jo vera eit godt redskap for å klare å skape ein open og ærleg dialog mellom elev og lærer.Då kan jo eleven fortelje korleis han/ho opplev skulekvardagen på godt og vondt,og det utan å bli stempla som sladrehank.

Oppgåva me fekk på skulen om observasjon ,viste meg at observasjon ikkje er lett.Har vel lett for å tolke å leggje meir i det en bare sjølve observasjonen.Øvelse gjer meister!


Eg gler meg til observasjons praksisen.Til å sjå korleis "gruppa"fungerer.Klassemiljøet,forholdet mellom elevar og lærar,arbeidsmetodar,eventuelle klassereglar,korleis elevane er plasserte i klasserommet,korleis dagen er delt i arbeidsøkter og mykje,mykje meir.Dette blir spanande og forhåpentligvis lærerikt!!
Det blir nok ei intens veke for både sinn og skinn,mange tankar og bevisst kroppsspråk.....

torsdag 6. september 2007

05.09.07 Læraren sine mange oppgåver.

Nå har eg fått reflektert over læraren sine oppgåver,det blei mange tankar på ein gong.Eg skal prøve å sortere tankane litt.
Pedagogikk økta i dag byrja med eit flott bilete av ein balanseturnar på ei lina.

Det er nok ein enorm balanse kunst å vera lærar.Ein kjem nok til å miste balansen i tid å utid og til og med ramle ned frå lina mange gonger.Då gjeld det å bruke kollegaer og det støtteapparatet ein lærar har til å få hjelp og rettleiing.



Etter kvart som pedagogikk timane ruslar av garde ser ein kor utruleg mange og ulike oppgåver og utfordringar ein lærar har.
Alt frå dei høgaste administrative verv,plan og undervisnings arbeid og ikkje minst omsorg og sosial arbeidar.
Det er vel fyrst og fremst undervisning ein tenkjer når ein høyrer ordet lærar.

I LK06 vektlegg ein læraren som ein tydeleg rettleiar og ein lærar som er til stades.I motsetning til L97 der læraren meir skulle fungere som" ei svevande ånd"
Det å planleggja ein skuledag,kjem som eit resultat av grundig og tidkrevande forarbeid.
Først må ein settje seg inn i LK06,kunnskapsløftet,i dei ulike fag og klassetrinn.Kva skal lærast og kva er kompetansemåla.Deretter må ein sjå på skulen sine læreplanar,nokon tilpassningar i høve til dette.Den viktigaste planleggjings fasen er nok når ein lagar årsplan for det aktuelle fag og klassetrinn.Her ligg pensumet ein skal vera gjennom i løpet av året.Her er det rom for både tverrfagleg og ulike klassetrinn å samarbeida.Til slutt er det vekeplan,som ei informasjons kjelde til elev og heim om kva lekser,fag og tema ein held på med.I tillegg skal all undervisning tilpassast den enkelte elev.Noko som er både tidkrevande og vanskeleg,men veldig viktig.
For å kunne leggja best til rette for den enkelte elev må ein kjenne elevane.

Noko av det viktigaste med lærar rolla er nettopp det å sjå kvar einskild elev.Kva behov og kva
læremetode som gir best resultat for den einskilde.
For å kunne forstå og å lære eleven å kjenne må ein ha ein god kommunikasjon.

Den gode kommunikasjon gjeld også mellom heim og lærar.Læraren er heimen sin forlengande arm når det gjeld den sosiale oppdraginga.Korleis eleven oppfører seg i grupper,respekten for andre,handtering av ulike konfliktar,grensesettjing o.s.b.Her må læraren vera vaken å gripe fatt i problema med ein gong.Ein lærar må aldri lukke augo for ubehageligheter,heller ikkje blunke ein gong!Det kan og vera problem i heimen som læraren må vera oppmerksam på.Elevar som endrar adferd kan vel vera eit av dei fyrste symptoma på at det er eit problem enten på skulen eller i heimen.Då har læraren ei plikt til å få dette løyst,og heldigvis får ein seie er det eit bredt spekter av "hjelperar" alt etter kva problem som dukkar opp.

Den heilskaplege yrkes kompetansen for ein lærar,beståande av dei fem kompetanse områdene,dannar ei flott ramme rundt det å vera lærar.Bilete er sjølve læraren,ingen bilete blir like,nokon er fargerike og andre litt gråare,o.s.b.
Eg føler meg priviligert som har fått "kallet"om å verta lærar.

Det var spanande å lesa det som Inge Eidsvåg har skrevet.Han verkar som ein klok mann som er veldig i tida.Dei "10 bud" er nok vesentlege levereglar og gir god veiledning til oss som skal fungera som lærerar.Det at han brukar så sterke ord og uttrykk,"kallet" og dei 10 bud",gjer lesinga meir spanande.


GOOGLING!

Eg er veldig fersk i denne" data verden"(eg kunne lese VG på nettet frå før og var i grunnen litt kry av det!) Nå har eg fått utruleg god innføring i IKT.Dette med å google og spesifisere søk var veldig nyttig.Eg har notert ned mange gode tips til eigen bruk,og ikkje minst i praksis og seinare i yrket som lærar.
Google earth var jo heilt fantastisk,på ein datamaskin og med nokre tastetrykk,fasinerande!
Det skal seiast at eg var litt stolt av å liksom kunne vise resten av familien noko nytt,(dei har ikkje den stora trua på mor på data,men det har vel sin grunn!)Trur de at eg fekk det til,neeei
sjølvsagt ikkje,men eg jobbar med saka:)
Eg kan i allefall lova at eg aldri meir skal senda eit vedlegg utan tittel og kommentar.
Det er faktisk ganske gøy med data,og for eit hjelpemiddel!

____________________________________________

Det er utruleg mange oppgåver læraren står overfor og ikkje bare med elevar og undervisning. Det gjeld foreldre og organisering og ledelsen.

Ein ting som forundrar meg er når ein høyrer om foreldre som tar opp promlem med læraren,som mobbing ,sosiale og tilpassingsvanskar. Er det ikkje då læraren sin plikt å ta tak i dette og eventuelt kontakte andre med meir kompetanse på området, for å hjelpe eleven. Ein høyrer jo stadig om tilfeller der foreldra sjølv må inn å søkje hjelp, for eksempel at dei må ta kontakt med ppt for at elevane skal få hjelp i skulen. Blir dette eit vurderings spørsmål hjå læraraen? Uansett om det er tvil om eleven treng noko ekstra bør vel tvilen komme eleven til gode? Går det på arbeidsmengde og tid hjå læraren?. Er læraren trangsynt og vil helst unngå problem og innblanding frå andre eller? Eg bare undre litt!?